Grimstad kyrkje er ei krosskyrkje i Grimstad kommune i Agder.
Grimstad by fekk si første kyrkje i 1849, men ho vart snart for lita og vart flytta til Nedenes ved Arendal. Der står ho i dag som Engene kyrkje.
Ny kyrkje vart teikna av Henrik Thrap-Meyer og oppført av Johan Gottlieb Heinecke. Då kyrkja vart innvigd i 1881, var ho med sine 1125 sitjeplassar den tredje største trekyrkja i landet (etter Mandal og Vågan). I dag opererer Kyrkjesøk med 1000 plassar.
Altartavla har det opphavelege biletet frå 1864, et Getsemane-bilete måla av Otto Mengelberg, men ramma er nyare. Også klokkene vart overførte frå gamlekyrkja. Elles fekk den nye kyrkja nytt inventar.
Kyrkjegarden var tidleg full, og i 1872 vart det opna ny kyrkjegard for byen ved Frivoll. Han er framleis i bruk, og området rundt Grimstad kyrkje er meir som ein park.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Grimstad Kategori:Kyrkjer i Vest-Nedenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1881 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Grimstad Kategori:Henrik Thrap-Meyer