mini|«Velsignelse», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri. mini|«Sognablo´», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri. mini|«Sogningen og fantafølje», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri. mini|«Hundreaaorsnotti», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri. mini|«Snobberi», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri. mini|Bolette : Sognablo´og andre forteljingar. 1997. Ingrid Anne Yttri les. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.
Bolette Christine Pavels Larsen () var ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende som var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Bolette Christine Pavels Larsen var den første forfattaren med utgjevingar på sogne-dialekt og soleis på landsmål i Sogn og Fjordane, men gav også ut bøker på riksmål. Ho vart fødd inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal, men var i dei fleste åra av sitt liv busett i Bergen.
Utgjevingar Bolette C. Pavels Larsen omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av ho gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette C. Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet», står det i band tre av Vestlandets historie.Grønstøl, 2006, s. 214
Formidlar I Bergens Tidende fungerte Bolette C. Pavels Larsen som hovudkritikar frå 1884, og melde bøker frå heile Norden - med eit ekstra vake auge på dei frå Sverige. Ho var også svært interessert i litteratur på nynorsk, og fungerte som formidlar av bøker på landsmål av ukjende forfattarar. Bolette C. Pavels Larsen var ein støttespelar for Mons Litleré når det gjaldt drifta av nynorskforlaget han eigde. Bolette C. Pavels Larsen var medlem av Vestmannalaget, ein landsdekkande landsmålorganisasjon med base i Bergen.
Kontakt med kjende forfattarar Bolette C. Pavels Larsen hadde eit finmaska kontaktnett til andre forfattarar og litteraturkritikarar: Arne Garborg og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Verner von Heidenstam frå Sverige, Hans Seland, Jens Tvedt og dei danske brørne Edvard Brandes og Georg Brandes. Ho var i kontakt via brev med August Strindberg, verdskjend svensk dramatikar og forfattar, og fekk løyve til å omsetje og trykkje eit skodespel av han som føljetong i Bergens Tidende i mars 1883.Stegane, februar 2009 og oktober 2009
Første husmorskulen I 1874 vart Bolette C. Pavels Larsen gift med Ole Johan Larsen (1845-1928) i Gloppen. Dei fekk ingen born. Heimgarden til Bolette C. Pavels Larsen i Kroken i Luster kommune vart til den første husmorskulen i dåverande Nordre Bergenhus amt etter sal i 1884. Det er reist ein minnestein over Bolette C. Pavels Larsen i Fjærland i Sogndal kommune. Ole Johan Larsen donerte bøker til Bergen Museum frå samlinga deira.
Kunstnarleg slekt Gjennom mora var Bolette C. Pavels Larsen i slekt med målar Gerhard Munthe (1849-1929) og lærar og forfattar Margrethe Munthe (1860-1931). Bolette C. Pavels Larsen døydde i Bergen.
Bibliografi
Bøker
Lydbøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit uval
Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Omsetjingar av Bolette C. Pavels Larsen
Kjelder
Tekstar om Bolette Christine Pavels Larsen
Bakgrunnsstoff Brev frå Bolette C. Pavels Larsen til Ivar Aasen. Bolette C. Pavels Larsen sendte boka Staaveprat til Ivar Aasen 21. november 1888 for å få synspunkt på utgjevinga. Den var omsett av Bolette C. Pavels Larsen frå svensk Om Boletter C. Pavels Larsen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Manuskriptliste: Nr. 1 -2063. Oversikt over manuskript av Bolette C. Pavels Larsen ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Ulike syn på August Strindberg. Brevveksling mellom Bolette C. Pavels Larsen og August Strindberg. Gravminner
Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Utvalde artiklar 2015 Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske novelleforfattarar