Marija Ivanovna Gusakova () var ein sovjet-russisk langrennsløpar frå Rjazan oblast i Russland. Ho vart olympisk meister på 10 km under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley og verdsmeister på 3 x 5 km stafett i 1962 i Zakopane.
Aktiv Gusakova fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i Ski-VM 1958 i Lahti der ho vart nummer seks på 10 km. To år seinare vann ho den einaste individuelle langrennsøvinga for kvinner under dei olympiske leikane i Squaw Valley. På stafetten over 3x5 km var dei sovjetiske kvinnene store favorittar, ettersom dei hadde teke alle medaljane og fjerdeplassen på 10-kilometeren. Svært overraskande gjekk stafettgullet til Sverige, medan Gusakova og lagvenninnene fekk sølv.
Under Ski-VM 1962 i Zakopane starta Gusakova med å ta sølvmedaljen på 10 km, deretter fekk ho bronsemedaljen på 5 km, før ho avslutta med å vinne gull på 3x5 km stafett saman med Ljubov Baranova og Alevtina Koltsjina. Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck tok ho bronsemedaljen på 10 km etter landslagskollegaene Klavdija Bojarskikh og Jevdokija Meksjilo.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.
Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964