Harkerbreen er ein tidvassisbre på Sør-Georgia Island sør i Atlanterhavet. Harkerbreen vart først kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen (1901-1904), og namngjeven De Geerbreen, etter Gerard De Geer (1858-1943), ein svensk geolog som spesialiserte seg på geomorfologi og geokronologi. Han vart kartlagd på ny i 1912 av David Ferguson og då kalla opp etter Alfred Harker (1859-1939), ein engelsk geolog som var spesialist i petrologi og petrografi.US Geological Survey (2002). «Feature Name: Harker". US Geological Survey, Det amerikanske innanriksdepartmentet. Henta 22. mars 2013.
Dalen som Harkerbreen flyt gjennom går frå sør til nord og ut av Allardyce Range og ut i Morenefjorden i austsida av Cumberland Bay, sør for Grytviken, den største busetnaden på øya. Harkerbreen er ein tidvassisbre som kalvar isfjell i bukta. Isbreen har ikkje endra seg noko særleg sidan 1970-åra, men har rykka lenger fram enn då han vart fotografert av Frank Hurley i 1914.««Scotia» Centenary Antarktis Expedition (2002-2003)". Royal Scottish Geographical Society, Glasgow, Storbritannia, s. 5-6.
Sjå òg Isbrear i Antarktis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harker Glacier» frå , den 24. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff British Antarctic Service Metadata Management System Gazeteer om Harkerbreen. Bilete av Harkerbreen, morene synleg. Bilete av kalvar i Harkerbreen.
Kategori:Isbrear på Sør-Georgia