Hellehallet er ein stor randis langs kysten av Dronning Maud Land i Antarktis, som ligg aust for Jutulstraumen og nord for Mühlig-Hofmannfjella. Han vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39) og kartlagt av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–52) og frå flyfoto av den norske ekspedisjonen 1958–59. Han vart kalla opp etter Sigurd Helle, leiaren for den norske ekspedisjonen 1957 til Dronning Maud Land.
Kjelder
Kategori:Randisar i Antarktis Kategori:Geografi i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn