Loutráki-Perakhóra-Áji Theódori (gresk Λουτράκι-Περαχώρα-Άγιοι Θεόδωροι) er ein kommune i periferieininga Korinthía i periferien Peloponnes i Hellas. Loutráki-Perakhóra-Áji Theódori ligg for det meste nord for Korintkanalen og grensar i nordaust mot periferieininga Vest-Attikí i periferien Attikí. I nord og vest ligg Korintbukta, i søraust Saroniabukta.

Administrativ inndeling Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Áji Theódori Loutráki-Perakhóra Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar. Frå 2011 hadde kommunen namnet Loutráki-Áji Theódori, men skifta namn til Loutráki-Perakhóra-Áji Theódori i 2014.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Loutráki Loutráki-Perakhóra 11 564 12 212 Áji Theódori Áji Theódori 4 643 4 913 Kyrás Vrýsi Loutráki-Perakhóra 1 128 1 149 Isthmía Loutráki-Perakhóra 1 134 1 109 Perakhóra Loutráki-Perakhóra 1 141 1 025

Referansar

Loutraki-Perakhora-Aji Theodori Loutraki-Aji Theodori