Bindschadlerstraumen er ein isstraum mellom Siple Dome og MacAyeal Ice Stream. Han er ein av fleire store isstraumar som flyt frå Marie Byrd Land og ut i Rossisen. Isstraumane vart undersøkt og kartlagt av U.S. Antarctic Research Program i løpet av fleire feltsesongar frå 1983–84 og namngjeve Ice Stream A, B, C, etc., etter plasseringa deira frå sør til nord.
Namnet på denne isstraum vart endra frå Ice Stream D av Advisory Committee on Antarctic Names (ACAN) i 2001 eller 2002 til ære for Robert A. Bindschadler frå NASA Goddard Space Flight Center, som forska på Den vestantarktiske innlandsisen inkludert dynamikken i isstraumane i Marie Byrd Land og korleis dei vekselverkar med Rossisen, frå kring 1983 til 1998. I januar 2003 godkjende United States Board on Geographic Names dette namnet.
Sjå òg Isbrear i Antarktis Isstraumar i Antarktis
Kjelder Antarctic glaciologs Honored by ACAN
Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Geografi i Marie Byrd Land