Rutfordstraumen er ein stor isstraum i Antarktis, som er kring 290 km lang og over 25 km brei, og som flyt søraustover mellom Sentinel Range i Ellsworth Mountains og Fletcher ishaug og inn i sørvestlege delar av Ronneisen. Han vart namngjeven av US-ACAN etter geologen Robert Hoxie Rutford, eit medlem på fleire ekspedisjonar for USARP til Antarktis og leiaren for gruppa frå University of Minnesota til Ellsworth Mountains 1963-1964. Rutford var direktør i polaravdelinga til National Science Foundation i tida 1975-1977.

Isstraumen ligg i eit djupt søkk som er ei forkasting mellom Ellsworth Mountains og Fletcher Promontory. På grunn av plasseringa til isstraumen kan han ha vore stabil i fleire millionar år. Undersida av isstraumen går ned til 2000 meter under havnivå. Derfor er det eit vertikalt fall mellom botnen av isstraumen og høgda på Ellsworth Mountains på over 7 km over ein avstand på berre 40 km. Ved den øvre enden av isstraum (over land) har isen ein tjukkleik på 3100 meter, medan han i midtre delar av 2300 m. Straumen når den største snøggleiken på kring 400 meter per år kring 40 km innover frå der isen møter Ronneisen og byrjar å flyte utover i sjøen.

Rutfordstraumen varierer i snøggleik med så mykje som 20 % annakvar veke som følgje av tidvasskrefter.ScienceDaily, Tidal Motion Influences Antarktis Ice Sheet Dec. 24, 2006

Sjå òg Isbrear i Antarktis Isstraumar i Antarktis

Kjelder

Kategori:Vest-Antarktis Kategori:Ellsworth Mountains Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Filchner-Ronne isbrem Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar