Horg kyrkje er ei krosskyrkje i Melhus kommune i Trøndelag.

Kyrkja vart oppført i 1890–93 og innvigd 22. november 1893. Den førre kyrkja på staden — ei av dei ti Y-kyrkjene som er oppført her i landet — vart ståande ei lita stund ved sida av den nye kyrkja før ho vart riven våren 1894.

mini|portrett|venstre|Altartavla i Horg kyrkje.

Då Horg kyrkje var ny, fekk ho nytt inventar i nygotisk stil. Sidan har ho vorte restaurert, og ein har teke i bruk den gamle altartavla i barokk stil. Preikestolen frå gamlekyrkjene er i Vitskapsmuseet i Trondheim.

Bårehuset på kyrkjegarden er frå 1974.

mini|venstre|Y-kyrkja frå 1670 stod ei lita stund ved sida av dagens kyrkje før ho vart riven.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Horg kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Kyrkjer i Melhus Kategori:Norske kyrkjer frå 1893 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Melhus Kategori:Norske kyrkjer med heidne namnelekkar Kategori:Bygningar teikna av Carl J. Bergstrøm