Treungen kyrkje er ei langkyrkje utanfor Tveitsund i Nissedal kommune i Telemark.
Dette er den tredje kyrkja på staden, men dei to tidlegare kyrkjene stod lengre oppi lia aust for Tveitsund. Kyrkja vart innvigd i 1863. I 1960-åra vart ho omfattande restaurert, og sakristiet på sørsida av koret er frå den tida.
Altartavla, døypefonten og kyrkjeklokkene vart overført frå gamlekyrkja, men den eine klokka vart hengt opp i ein stopul på den gamle kyrkjegarden i 1984, medan kyrkja fekk ei ny klokke.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja, og i tillegg kan ein altså vitje den gamle kyrkjegarden.
Kjelder
Nissedal kommune
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Nissedal Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Nissedal Kategori:1863 i Noreg