Rotoroasjøen (Lake Rotoroa) er ein innsjø som ligg innanfor grensene til nasjonalparken Nelson Lakes National Park på Sørøya på New Zealand. Innsjøen får tilførsle frå elvene D'Urville og Sabine.

Den største djupna er 145 meter, og sjøen er fullstendig omvaksen av sørbøkeskog. Rotoroa er ein liten busetnad ved sjøen. Gowanelva renn ut or sjøen her, slik at sjøen er ei av kjeldene til Buller-vassdraget.

Ein gangsti følgjer den nordaustlege breidda til sjøen, og ei taxiferje går langsetter sjøen og fraktar fotturistar til og frå turstiane ved sjøen.Lake Rotoroa walking tracks, Department of Conservation, New Zealand

Det er sett ut aure i sjøen, dette gjer han populær for sportsfiskarar. Det ligg ei hytte for flugefiskarar, Lake Rotoroa Lodge, ved sjøenLake Rotoroa Lodge.

Namnet rotoroa er maori for 'lang sjø'.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Lake Rotoroa (Tasman)» frå , den 16. februar 2014.

Kategori:Innsjøar på New Zealand Kategori:Tasman på New Zealand