Radok Lake er ein innsjø av smeltevatn som er kring 7 km lang og markert av ei tynn isbretunge som flyt ut i innsjøen frå vest. Han ligg 5 km sørvest for Beaver Lake og 24 km søraust for Aramis Range i Prince Charles Mountains. Han vart kartlagt av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) frå flyfoto tekne under RAAF Antarktis Flight i 1956. Han er kalla opp etter Uwe Radok, ein meteorologilærar ved University of Melbourne, som assisterte Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) i utviklinga av glasiologiforskinga deira. Radok Lake er den djupaste (362 moh) kjende innsjøen på kontinentet og den einaste kjende ferskvassjøen som har ei flytande istunge. Han har utløp via den 5 km lange Pagodroma Gorge til Beaver Lake.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Radok Lake» frå , den 23. februar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Innsjøar i Mac. Robertson Land