mini|300px|Den kinesiske muren thumb Den kinesiske muren (kinesisk 萬里長城; forenkla 万里长城; pinyin Wànlĭ Chángchéng, 'den lange borga på 10 000 li¹), er ein 8 851,8 kilometer lang mur og er eit forsvarverk bygd av jord og stein.

Muren ligg i det nordlege Kina. Han vert rekna som jordas største byggverk og vart bygd under Ming-dynastiet frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1600-talet. Muren skulle verna Kina mot plyndringar fra mongolske og tyrkiske stammer. Fleire andre murar vart påbyrja på 200-talet fvt. av Shi Huangdi, den første keisaren av heile Kina.

Fleire delar av den kinesiske muren er øydelagt eller forsvunne med tida. Lokale innfødde har nytta steinen til byggemateriale. I dag er muren freda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1987.

Bakgrunnsstoff

Julia Lovell: The Great Wall - China Against the World, 1000 BC-2000 AD. ISBN 1-84354-212-9 Jacquetta Megarry: Explore the Great Wall. ISBN 1-898481-17-2 Arthur Waldron: The Great Wall of China - From History to Myth. ISBN 0-521-36518-X

Offisiell heimeside Bilete av Den kinesiske muren i Simatai Side om Den kinesiske muren Bilete av Den kinesiske muren Hiking langs Den kinesiske muren CBC.ca News: «Den kinesiske muren er usynleg frå verdsrommet» Snopes.com: Legenda om Den kinesiske muren Side om Den kinesiske muren Kart over Den kinesiske muren

Fotnotar ¹ 10 000 li = 5 760 km. 10 000 er eit bilete for uendeleg på kinesisk, slik at namnet på muren tyder «den uendeleg lange borga».

Kinesiske muren Kategori:Historiske byggverk Kinesiske Kategori:Kina Kategori:200-talet fvt.