Kubikkcentimeter (cm³) er ei volumeining basert på centimeter.
Ein kubikkcentimeter er volumet av ei kube der kvar side er ein centimeter lang. Altså: 1 kubikkcentimeter = 1 cm (x-retning) x 1 cm (y-retning) x 1 cm (z-retning) = 1 cm3
Kubikkcentimeter blir mellom anna brukt til å oppgje motorvolum, men elles blir eininga lite brukt. I staden bruker ein gjerne eininga milliliter, som er lik ein kubikkcentimeter.
1 cm³ er lik: 1 000 mm³ 0,001 dm³ 0,000 001 m³Motsett: 1 mm³ = 0,001 cm³ 1 dm³ = 1 000 cm³ 1 m³ = 1 000 000 cm³1 cm³ i høve til eininga liter er lik: 0,001 liter 0,01 desiliter 0,1 centiliter 1 milliliterMotsett: 1 milliliter = 1 cm³ 1 centiliter = 10 cm³ 1 desiliter = 100 cm³ 1 liter = 1000 cm³ Kategori:Måleiningar for volum Kategori:SI-avleia einingar
sv:Liter#Milliliter