Áno Sýros (gresk Άνω Σύρος) er ein by og ein tidlegare kommune nord på øya Sýros i øygruppa Kykladane i periferien Dei sørlege egeiske øyane i Hellas. Han inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Sýros-Ermoúpoli i periferieininga Sýros.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Áno Sýros 3 611 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 621 innbyggjarar.

Áno Sýros vart bygd av venetianarar på byrjinga av 1200-talet nordvest for Ermoúpoli. Áno Sýros har framleis ein mellomalderatmosfære. Ein kan derimot ikkje nå byen via bilvegar. Den katolske basilikaen San Giorgio dominerer bybiletet. Han vart bygd på 1200-talet, men er vorten øydelagd og bygd opp att tre gonger. Frå toppen av byen kan ein sjå naboøyane Tínos, Dílos, Mýkonos, Páros og Náxos.

Referansar

Ano Syros Ano Syros Ano Syros