Lars Svendsen () var ein norsk forretningsmann og stortingsmann frå Stavanger.

Svendsen var son til ein kjøpmann. Sjølv byrja han på sjøen, tok styrmannseksamen og førte eige skip. Enno i ung alder slutta han sjølivet, då han og broren Svend Svendsen etablerte firmaet L. & S. Svendsen. Firmaet dreiv ei omfattande verksemd med både utreiing av eigne båtar, sildesalting, og sal av både kolonial-, jarn- og glasvarer. På Finnmarks-kysten hadde det trankokeri.

Svendsen fekk plass i det fyrste formannskapet i Stavanger, der han var medlem 1837-44 og 1855-59. Han representerte Stavanger på Stortinget i 1842, 1845, 1857 og på det overordentlege storting 1858. I 1842 og 1845 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1857 og -58 var medlem av tollkomiteen.

Han døydde i heimbyen, 57 år gammal.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Stavanger