Engelbrecht Finne () var ein norsk byfut og stortingsmann, fødd på Hisøy i Aust-Agder.
Finne var son til ein sorenskrivar. Sjølv gjekk han på Frederiksberg skole i København, uteksaminert 1806, og vart cand.jur. i Christiania i 1815. Deretter arbeidde han som fullmektig hos faren, som var sorenskrivar i Nedenes. Frå 1824 var Finne i fleire år fungerande sorenskrivar i Nedenes, mellom anna då det vart forhandla om å dele Nedenes sorenskriveri. Frå 1835 til 1860 var Finne byfut og byskrivar i Risør.
Finne var varamann til Stortinget 1839 for valkrinsen Østerrisør. Han representerte så valkrinsen på Tinget både i 1842 og 1845, der han var medlem av protokollkomiteen. Ved valtinget til 1848-stortinget bad han seg fri for val.
Han døydde ugift i Risør i 1867.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Norske futar Kategori:Folk frå Arendal