Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series er det fjerde studioalbumet til den amerikanske musikaren Scott Walker. Det kom ut i juli 1969 og nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet, men somme utgåver inneheld singelen «Lights of Cincinnati». Albumet inneheld ikkje originale songar av Walker og består av balladar og storband-standarar. Albumet har sidan vorte sletta frå katalogen og ikkje gjeve ut på nytt.
Albumet er eit akkompagnement til BBC TV-serien Scott. Det består av nyinnspelingar i studio av eit utval av songane han spelte i programmet og inneheld ikkje dei faktiske innspelingane frå fjernsynsprogrammet.
Tilgjenge Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series vart sletta frå katalogen og ein trur det kom av at Walker var misnøgd med albumet og albuma sine frå tidleg i 1970-åra, som han skildrar i dokumentaren Scott Walker: 30 Century Man som «villmarksåra». Walker har stoppa CD-utgjevinga av fjerynsseriealbuma The Moviegoer (1972) og Any Day Now (1973).
Trass i at albumet vart sletta, har kring halvparten av songane blitt gjeve ut på ny i nyare år på den billige samleplata The Collection og Classics & Collectibles (2005). «I Have Dreamed», «Country Girl», «When the World Was Young», «Someone to Light Up My Life», «The Impossible Dream», «Who (Will Take My Place)» og «Lost in the Stars» finst på Classics & Collectibles, medan «The Look of Love» finst på The Collection. «Will You Still Be Mine», «If She Walked Into My Life», «The Song Is You» og «Only the Young» er ikkje blitt gjeve ut på ny.
Mottaking
Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series fekk middels kritikk då det kom ut.
Richie Unterberger skreiv ei positiv melding om albumet for Allmusic der han skriv at Walker syng særs orkestrerte, standardar ekstremt godt heile vegen gjennom. Han skriv likevel at albumet ikkje heilt representerer det Walker vanlegvis spelte på denne tida, og var i alle fall ikkje det beste albumet hans frå perioden. Han oppsummerer albumet som ein kuriositet som har halde seg langt dårlegare enn dei andre albuma hans frå denne perioden, og vert berre tilrådd fans som ønsker ei komplett songliste av artisten.
Innhald
Medverkande Scott Walker – vokal John Franz – Produsent Peter Knight – Dirigent og akkompagnement Peter Olliff – lydteknikar
Lister Liste PlasseringUK Albums Chart 7
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series» frå , den 1. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Scott Walker-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album