Deir ez-Zor, òg skrive Dayr al-Zawr, Der Ezzor, Deir Azzor og andre variantar (arabisk دير الزور, syrisk ܕܝܪܐ ܙܥܘܪܬܐ, armensk Տէր Զօր, armensk Դեր Զոր, Ter Zor) er den sjette største byen i Syria og den største aust i Syria. Han ligg 450 km nordaust for hovudstaden Damaskus ved breidda av Eufrat. Deir ez-Zor er senter i Deir ez-Zor guvernement. I følgje folketeljinga 2004 budde 211 857 menneske i byen. Rundt 80 % av desse muslimar og 20 % kristne.
Namn Medan namnet «Deir», som er arabisk for 'kloster', vart nytta gjennom mellomalderen til moderne tid, dukka «Zor», som tyder busk ved elvebreidda, først opp i seinare osmanske kjelder.Shaw, S. J. (1978): The Ottoman Census System and Population, 1831–1914. International Journal of Middle East Studies, 9: 325-338. Det noverande namnet, som har strekt seg ut til også å omfatta regionen kring byen, indikerer at det var ein gammal stad for ein av dei tidlege kristne avsidesliggande klostra som vart spreidde rundt om i Mesopotamia etter forfølgingstida og den apostoliske tida.Moffett, S. H. (1992): A History of Christianity in Asia: Beginnings to 1500. Harper, San Francisco. ISBN 0-06-065779-0
Historie Deir ez-Zor ligg 85 km nordvest for dei arkeologiske funna av Dura-Europos og 120 km nordvest for ruinane av den antikke byen Mari. I romartida var han ein viktig handelsstasjon mellom Romarriket og India. Han vart erobra av Zenobia og vart ein del av kongedømet Palmyra. Etter ei rekkje erobringar vart han til slutt øydelagd av mongolane då dei var på tokt i Midtausten.
mini|venstre|Minnesmerke for Det armenske folkemordet i Deir ez Zor.
Den moderne byen vart utvida under Det osmanske riket i 1867 kring den eksisterande byen. I 1915 vart han eit stort møtepunkt for armenarar utsette for dødsmarsjane under det armenske folkemordet.Pouring a People into the Desert:The «Definitive Solution» of the Unionists to the Armenian Question, Fuat Dundar, A Question of Genocide, ed. Ronald Grigor Suny, Fatma Muge Gocek and Norman M. Naimark, (Oxford University Press, 2011), 280-281. Eit minnesmerke for desse hendingane vart reist i byen i 1991.Monument and Memorial Complex at Der Zor in Syria Frankrike okkuperte Deir ez-Zor i 1921 og gjorde han til setet for ein stor garnison. Samstundes var regionen lokalt styrt av Haj-Fadel Abboud, eit medlem av ein aristokratisk familie.
I 1941 slo britisk-leia styrkar Vichy-franske under det syrisk-libanesiske felttoget, der mellom anna slaget om Deir fann stad. Dei gav styret av regionen over til det frie Frankrike. I 1946 vart byen ein del av den sjølvstendige Republikken Syria.
Fleire bølgjer av innflyttarar frå landsbygda og provinsane skjedde under fleire tørkeperiodar seint i 1950- og i 1990-åra der dei fleste såg seg om etter ein vanleg jobb og gav opp gards- og gjetarlivet.
Sidan den syriske borgarkrigen kom i gang, har det vore væpna kampar mellom Den syriske hæren mot Den frie syriske armeen og andre opposisjonelle grupper som Den islamske staten Irak og Jabat Al Nusra Front.
Klima Köppen-Geiger-systemet klassifiserar klimaet i byen som varm ørken (BWh).
Økonomi Byen og området rundt er eit frodig og rikt jordbruksområde med sauedrift og dyrking av bomull og korn. Mange jordbruksinstitusjonar arbeider her.
Etter at det vart oppdaga lett råolje i Den syriske ørkenen har han blitt sentrum for petroleumsindustrien i landet. Han er òg eit lite turistsenter med fleire turistfasilitetar, som tradisjonelle franske restaurantar ved elvebreidda, opp til 5-stjerners hotell, ein stasjon for reiser i ørkenen og ein flyplass (IATA-kode: DEZ) i forstaden Al-Jafra. Det ligg òg saltgruver i nærleiken.
Kultur mini|upright|Årleg pilegrimsferd til minnesmerket for det armenske folkemordet.
Dei fleste innbyggjarane er arbarar og dei fleste av dei igjen er bønder frå Jazira og urbaniserte beduinar frå Den syriske ørkenen, med nokre få kurdiske, armenske og assyrisk/syriske familiar.
Det vert nytta ein mesopotamisk dialekt av arabisk i byen, med noko innverknad frå nordsyrisk. Byen er dominert av sunnimuslimar, men kristendommen i Deir ez-Zor kan sporast attende til apostolisk tid, med nokre få aktive kyrkjer og kapell som høyrer til forskjellige kyrkjelydar.
mini|venstre|Deir ez-Zor-brua Byen er òg kjend for hengebrua Deir ez-Zor-brua (arabisk الجسر المعلق) som strekkjer seg over Eufrat og som stod ferdig i 1927. Deir ez-Zor-museet inneheld tusenvis av antikvitetar frå nærliggande funnstader i det nordlege Mesopotamia. Hovudområdet til Al-Furat Universitet og Al-Jazira Universitet ligg òg her.Al Jazeera University. Jude.edu.sy. Henta den 10. mai 2014. Mange andre polytekniske skular og profesjonelle institutt gjev utdanning i byen. Den lokale avisa, Al Furat og få andre publikasjonar kjem ut i byen og i naboguvernementa Al-Hasakah og Raqqa.
Tvillingbyar Armavir i Armenia sidan oktober 2010.Al-Baath news (arabisk)
Sjå òg Minneskyrkja for det armenske folkemordet i Der Zor Deir ez-Zor-leirane
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deir ez-Zor» frå , den 10. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kort historie om Deir Ezzor (arabisk)
Kategori:Byar i Syria Kategori:Byar ved Eufrat Kategori:Konsentransjonsleirar under det armenske folkemordet Kategori:Den fruktbare halvmånen Kategori:Busetnader i Deir ez-Zor-distriktet