Homs (arabisk حمص, Ḥimṣ), tidlegare kalla Emesa (gresk Ἔμεσα, Emesa), er ein by vest i Syria og senteret i Homs guvernement. Han ligg 501 meter over havet og 162 km nord for Damaskus. Han ligg ved elva Orontes og langs den sentrale hovudvegen mellom dei indre byane og middelhavskysten.
Homs er eit stort industrisenter med eit folketal på kring 650 000 menneske i 2004,2004. og er med det den tredje største byen i Syria etter Aleppo i nord og hovudstaden Damaskus i sør. Innbyggjarane i byen syner det generelle religiøse mangfaldet i Syria og består hovudsakleg av arabisktalande sunnimuslimar og alawittar og kristne minoritetar. Det ligg fleire historiske moskéar og kyrkjer i byen, og han ligg nær borga Krak des Chevaliers, som er ein verdsarvstad.
Homs dukka først opp i dei skriftlege kjeldene i det første hundreåret fvt. under selevkidane. Han vart seinare hovudstad i eit kongedøme styrt av Emesa-dynastiet som gav namn til byen. Opphavleg var han eit senter for dyrking av solguden El-Gabal, og vart seinare viktig i kristendom under austromarane. Homs vart erobra av muslimane på 600-talet og vart hovudstad i eit distrikt som hadde det noverande namnet på byen. Gjennom den islamske tida kjempa mange av dynasti som ønskte kontroll over Syria om Homs, på grunn av den strategiske plasseringa i området. Homs byrja å bli mindre viktig under osmanarane og først på 1800-talet vart byen igjen økonomisk viktig då bomullsindustrien blømde. Under Det franske mandat-styret vart byen eit opprørssenter og etter sjølvstende i 1946, eit senter for motstanden mot baathistane til dei første syriske regjeringane.
I den pågåande syriske borgarkrigen har Homs vore ein skanse for opposisjonen og syriske styresmakter gjekk til åtak på byen i mai 2011. Den 14. januar hadde regjeringsstyrkane kontroll over Homs, utanom gamlebyen, som framleis vart kontrollert av opprørarane. Frå 2012 har syriske styresmakter hatt kontrollen over heile byen. Kampane har øydelagd delar av byen.Homs: Syrian revolution's 'capital'. BBC News. 2014-01-27.
Etymologi «Emesa» kjem frå «Ham-Es», der Es syner til ei samling som lokalt dyrka solguden i (El-Gabal) i oldtida. Namnet «Emesa» eller «Hemesa» er òg tilskriven «Emesenoi», namnet på eit arabisk folk som styrte området før dei vart innlemma i Romarriket. Når dette namnet vart tilknytt byen er usikkert, men ein trur at det vart nytta under romarane.
«Emesa» vart korta ned til «Homs» eller «Hims» av dei arabiske innbyggjarane, som slo seg ned her sjølv før den muslimske erobringa av Syria.Gibbon and Ockley, 1870, s. 177. Dette namnet er bevart gjennom heile den islamske perioden og fram til i dag. Han vart kalla «la Chamelle» av krossfararane, sjølv om dei aldri styrte byen. Ei anna forslag er at opphavet til det moderne namnet er ei arabisk form av det latinske namnet på byen, «Emesus», som kjem frå det greske «Emesa» eller «Emesos».Room, 2006, s. 167.
Historie I kring 2 000 år har Homs vore eit jordbrukssenter og ein produksjons- og handelsstad for landsbyane nord i Syria. Han har òg fungert som vern for det indre området a Syria og verna dette mot fiendar frå vest. Utgravingar av citadellet i Homs indikerer at dei tidlegaste busetnadene her er datert attende til kring 2300 fvt. Bibelforskarar har identifisert byen med Zobah som er nemnt i Bibelen. I 1274 fvt.,kring «År5 III Shemu dag 9» i Rameses II si regjeringstid (BAR III, s. 317<) eller meir nøyaktig, 12. mai 1274 fvt basert på datoen då Rameses vart krona i 1279 fvt. fann eit slag stad mellom styrkane til Det nye rike i Egypt under Rameses II og hetittane under Muwatalli II ved byen Kadesh ved Orontes nær Homs.Kitchen, K.A, «Ramesside inskripsjons», Volume 2, Blackwell Publishing Limited, 1996, s. 16–17 Det var kanskje det største stridsvognsslaget som nokon gonger er blitt utkjempa, og omfatta kanskje 5 000–6 000 stidsvogner.Healy, 1993, s. 22Healy, 1993, s. 39
Emesani-dynastiet og romartida mini|Emesa-tempelet til sunguden El-Gabal, med den heilage steinen, på baksida av denne bronsemynten av den romerske tronranaren Uranius Antoninus. Sjølve Homs kan ha vorte grunnlagd av Selevkos I Nicator, som grunnla Selevkideriket då Aleksander den store døydde, sjølv om byen ikkje vart nemnt i dei historiske kjeldene før det første hundreåret fvt. På denne tida nemnte den greske filosofen Strabon om eit folk som budde i telt, kalla «emesanane», nær Orontes og sør for Apamea-området.Dumper, 2007, s. 171. Dei var eit syrisk folk i området og busett i Emesa—som fekk namnet etter dei. Då Pompeius innlemma selevkide-statane i Syria i Romarriket i 64 fvt., vart Emesani-dynstiet vasallkongar under romarane som gav dei soldatar i forskjellige krigar. Høvdingn deira på denne tida, Sampsiceramus I, fekk status som konge av Emesa, men hovudstaden deira var i Arethusa, ei by nord for Emesa, òg langs Orontes. På det største strekte kongedømet seg frå Bekaadalen i vest til grensa ved Palmyra i aust, og frå Yabrud i sør til al-Rastan (Arethusa) i nord. Kongedømet til Sampsiceramus I var det første arabiske vasallstaten under Romarriket ved utkanten av ørkenen.Ball, 2000, s. 34–35. mini|venstre|Krak des Chevaliers, ein kjend verdsarvstad nær Homs.
Byen Emesa voks seg viktig etter at Emesani-dynastiet vart rike, styrt først av ein av sønene til Sampsiceramus I, Iamblichus I som gjorde byen til hovudstad i kongedømet. Emesanane viste seg lojale mot romarane og gav støtte til Gaius Julius Caesar i kringsetjinga hans av Alexandria i 48 fvt. då dei sendte han militære. Dei vart så dradd inn i den romerske borgarkrigen mellom opprøraren Marcus Antonius og Oktavian. Iamblichus I støtta Octavian, og med oppfordring frå Antonius rana bror til Iamblichus, Alexio I, til seg trona og tok livet av Iamblichus I i 31 fvt. Styrkane til Octavian held likevel fram krigen og som følgje av dette gjekk trona attende til Iamblichus II (sonen til Iamblichus I) etter Alexio I vart avretta for forræderi. Under det stabile styret til Iamblichus II var det fred frå 20 fvt. til 14 evt., kjend som Gullalderen til Emesa. I 32 evt. kom Heliopolis og Beqaadalen under kongedømet.
Forholdet til romarane vart enno tettare då kong Sohaemus arva kongedømet. Under han sendte Emesa fast bogeskyttarar til romarane og assisterte dei i omleiringa av Jerusalem i 70. Sohaemus døydde i 73 og vart etterfølgd av sonen sin, Alexio II. Trass i at Emesani-dynastiet var lojale allierte med Roma, reduserte romarane av ukjende årsaker det autonome styret til Emesani-dynastiet. Alexio II og presten hans sine etterkomarar fekk berre ein seremoniell status. Alexio II døydde i 78 og vart etterfølgd av sonen Sampsiceramus III. Generasjonane etter Alexio II er ikkje like godt kjend.Cleopatra’s Children and Descendants at Ancient History av Suite101
Under romarane byrja Emesa å syne eigenskapane til ein gresk bystat og spor av den romerske byplanen finst framleis. Omforminga til ein storby vart fullført under regjeringstida til keisar Antoninus Pius (138–161) då Emesa byrja å prege myntar. På 200-talet blømde han og vart godt integrert i den romerske Orienten. Dette kom delvis av at keisar Lucius Septimius Severus gifta seg med ei kvinne som høyrte til adelen i Emesa. Han oppnådde den ettertrakta statusen som ein romersk colonia av Severus, og to andre keisarar frå Severus-dynastiet vart oppfostra i Emesa. Ein av dei var Heliogabalus som tente som ypparsteprest i tempelet til El-Gebal, den lokale solguden. Han tok med seg biletet av denne guden, ein kjegleforma svart stein, til Elagabalium i Roma.Herodian, Roman History, V.3.5
Emesa vart òg rik i samband med handel mot aust via Palmyra, men dette var òg årsaka til undergangen til byen då Palmyra vart mindre viktig på 300-talet. Likevel hadde Emesa på denne tida voks seg like viktige som Tyr, Sidon, Beirut, og Damaskus. Han var òg framleis lokalt viktig, fordi han var eit marknadssenter for kringliggande landsbyar. Byen vart verande eit sterkt senter for heidenskap på grunn av tempelet til El-Gabal. Etter ein av sigrane sine over Zenobia, vitja keisar Aurelian byen for å takke guddomen.
På grunn av den sterke heidenske kulten i Emesa, slo ikkje dei kristne seg ned i byen i starten. Eusebius skreiv at Silvanus, den første biskopen i byen, ikkje hadde råderett over byen, men dei kringliggande landsbyane. Han vart avretta av keisar Julian og etterfølgd av biskop Antonius—den første biskopen som budde i Emesa.Herbermann, 1913, s. 403. På 400-talet hadde kristendom etablert seg godt under Austromarriket, men få kristne inskripsjonar frå denne tida finst att i Homs i dag. Under bysantinarane vart byen eit viktig senter for austleg kristendom. Homs var i starten eit bispedøme og fekk status som kyrkjeleg metropol etter at hovudet til Johannes døyparen vart funnen i nærleiken i 452.
Arabiske kalifat
Før den muslimske erobringa av Syria slo arabiske folk, særleg Banu Kalb-folket, seg ned kring Emesa. Dette vart eit viktig jemenittisk senter. Den bysantinske keisaren Heraclius forlét byen, som hadde tent som hovudkvarteret hans,Kennedy, 2007, s. 74 etter nederlaget for Rashidun-hæren under Umar ibn al-Khattab i slaget ved Yarmouk sør i Syria. I 637 erobra Rashidun-hæren leia av Khalid ibn al-Walid Emesa fredeleg, sidan byen gjekk med på å betale ein stor løysesum på 71 000 til 170 000 dinarar.Dumper, 2007, s. 172.Mannheim, 2001, s. 205. Umar-kalifet gjorde Homs til hovudstad i Jund Hims, eit distrikt i provinsen Bilad al-Sham. Distriket omfatta òg byane Latakia, Jableh og Tartus langs kysten, Palmyra i Den syriske ørkenen og området mellom, inkludert byen Hama.le Strange, 1890, s. 25. Homs var truleg den første byen i Syria med ein større muslimsk folkesetnad.Kennedy, 2007, s. 86.
Muslimane omgjorde halve St. Johanneskyrkja til fredagsmoskée i byen (Den store al-Nuri-moskéen), og Homs vart raskt eit senter for islamsk gudsfrykt sidan kring 500 følgjesveinar av Muhammed slo seg ned der etter erobringa. Gravene til Khalid ibn al-Walid, sonen Abd al-Rahman, og Ubaid Allah, somnen til kalifen Umar, ligg i byen.Ibn Jubair sitert i le Strange, 1890, s. 355. Under striden mellom omajadane og Ali allierte innbyggjarane i Homs seg med Ali og då han vart slått. Omajade-kalifen Mu'awiyah skilde ut den nordlege halvdelen av Jund Hims og danna eit eige distrikt, Jund Qinnasrin, visstnok som straff. Oratoriet til Ali (mash-had 'Ali) låg i byen, og i følgje islamske tradisjonar er fingeravtrykka hans inngravert her.Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s. 356. Trass i undertrykking frå omajadane vart Homs verande eit senter for sjiaislam ei stund til. Som ein skanse for Banu Kalb vart byen involvert i striden hans med Qais-fraksjonen. Den siste omajade-kalifen, Marwan II, vart støtta av Qais og reiv ned bymurane etter at Banu Kalb hadde leia eit opprør.
mini|venstre|Inne i Den store moskéen al-Nuri.
I 750 reiv abbasidane til seg kontrollen over Syria, inkludert Homs, men dei arabiske stammene heldt fram å gjere opprør mot kalifatet. Trass i at Homs blømde i denne tida, var ikkje styret til abbasidane ønskt velkomen. Under og etter regjeringstida til kalifen Harun al-Rashid (796-809), sende styresmaktene fleire straffetokt mot Homs. I oktober 855, under regjeringstida til al-Mutawakkil, gjorde dei kristne i byen opprør på grunn av ekstraskattar. Kalifen enda opprøret med å forvise dei kristne frå byen, brenne ned kyrkjene deira og avrette leiarane deira.Gil, 1997, s. 296–97.
Då abbaside-styret over kalifatet vart svekt på midten av 800-talet, prøvde opprørsdynasti i Homs å få kontroll over Syria, på grunn av den strategiske plasseringa til byen. I starten fekk dei Egypt-baserte tulunidane kontroll over byen, men dei vart drivne ut av dei Aleppo-baserte hamdanidane som etter ei kort stund vart etterfølgd av karmatittane, etter at den tyrkiske opprøraren Aftakin, som dei var alliert med, invaderte det nordlege Syria og gjorde Homs til basen sin.Gil, 1997, s. 343. I 944 fekk hamdanidane heilt kontroll over byen, og dominerte området fram til 1016.