Victor Leandro Bagy, eller berre Victor () er ein brasiliansk fotballspelar som i 2014 spela for Atlético Mineiro i den brasilianske fotballigaen, og for landslaget til Brasil. Han var med på å vinna Copa Libertadores med Atlético Mineiro i 2013. Med Brasil var han med på å vinna Confederations Cup, også kjent som prøve-VM, i 2009. Under fotball-VM i 2014 var han den einaste av spelarane i Brasil sin landslagstropp utan erfaring frå europeisk fotball.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014