Kafr Shams (arabisk كفر شمس, òg skrive Kfar Shams eller Kafr ash-Shams) er ein liten by sør i Syria som administrativt høyrer til Al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement. Han ligg 16 km nordvest for al-Sanamayn, like aust for Golanhøgdene og mellom Damaskus og Daraa. I 2004 hadde Kafr Shams i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 12 435.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement.

Historie Kafr Shams opplevde kraftig veks under bysantinsk styre, særleg under regjeringstida til Justinianus I av Austromarriket, hovudsakleg store hus på landsbygda.Banaji, s.17. Byen vart dominert av ghassanidane, eit arabisk kristent vasall-kongedøme under bysantinarane. Ghassanidane bygde eit stort monofysittistisk kloster der kring 570 evt.Shahod, s.203.

I 1870-åra rapporterte Palestine Exploration Fund at Kafr Shams hadde 600 muslimar som levde i 120 til 130 hus. Dei noterte seg eldgamle ruinar og underjordiske bogar i landsbyen og to ghassanidiske kloster var framleis stort sett intakt.Palestine Exploration Fund, s.194.

Under Yom Kippur-krigen i 1973 var Kafr Shams åstad for kampar mellom den israelske hæren og ein samla styrke frå den jordanske, irakiske og syriske hærane.Thompson, s.235.

Mange av innbyggjarane i Kafr Shams har delteke i demonstrasjonane mot den syriske regjeringa som ein del av den syriske borgarkrigen.

Sjå òg Hauran

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kafr Shams» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Al-Sanamayn-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria