mini|Nyttårsforsett-postkort frå tidleg 1900-tal. Eit nyttårsforsett eller eit nyårsforsett er ein lovnad ein gjer til seg sjølv ved nyttår som går ut på å byrja eit nytt og betre liv.

Det kan vera å slutta med ein uvane, leggja seg til ein god vane, eller ta til med eit nytt prosjekt. Å slutta å røyka, gå ned i vekt eller byrja å trena er typiske slike lovnader. Andre lovnader kan gå ut på å leva meir miljøvennleg eller å gje pengar til gode føremål.

Nyttårsforsett blir typisk laga før nyttårsaftan og trer i kraft ved midnatt 1. januar. Som regel er planen at ein skal halda dei på ubestemt tid framover. Svært ofte vil dei gode forsetta visna etter kvart.

Å laga til og halda nyttårsforsett kan minna om kristen oppførsel under fastetida, der mange truande gjev opp eit gode i perioden tida varar. Skilnaden er at fastetida er fastsett til førti dagar, og at målet med denne tida er å ofra noko til Gud, ikkje nødvendigvis å prøva å forbetra seg sjølve.

Historie

Overgangen frå eit år til eit anna har ofte vore markert av rituale og nye byrjingar. Dei gamle babylonarane markerte til dømes årsskifte med høgtida akitu, der dei svor truskap til kongen, lova gudane å betala skulda si og gje tilbake ting dei hadde lånt.

Innan ein del kristne tradisjonar blir det halde gudstenester ved nyttår, eller fyrste sundagen i januar, der ein fornyar pakta si med Gud.

Engelske Anne Halkett hadde i dagboka si frå 2. januar 1671 overskrifta «Resolutions» med fleire religiøse løfte, hovudsakleg henta frå bibelvers, som «I will not offend any more.»

Ved byrjinga av 1800-talet var folk sin tendens til å laga (og bryta) forsett allment kjend og gjenstand for satire. I Walker's Hibernian Magazine frå 1802 stod det til dømes ei liste over oppdikta personar med oppdikta, overoptimistiske forsett, som «Statesmen have resolved to have no other object in view than the good of their country…the physicians have determined to follow nature in her operations, and to prescribe no more than is necessary, and to be very moderate in their fees.»)

Kjelder

Forsett Kategori:Motivasjon