Schaufelspitze er ein 3 396 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Toppen, som ligg straks aust om Stubaier Wildspitze, er lett å klive for trena fjellklatrarar, sidan øvre heisstasjon til gondolbana Stubai Gletscherbahn går opp til eit 3 158 moh høgt skar vest for toppen.

Den kjende fjellklivaren Joseph Anton Specht hadde fylgje med A. Taufer då dei i 1862 vart dei fyrste fjellturistane på toppen av Schaufelspitze.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schaufelspitze» frå , den 28. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike