Sanidin er eit mineral, ein glasaktig, homogen kalinatronfeltspat, (K,Na)AlSi3O8, med monoklin symmetri og med uordna fordeling av aluminium og silisium. Krystallutviklinga er gjerne tavleforma, mineralet er oftast fargelaust, men kan òg vere bleikt gult, raudt eller grønt. Sanidin er ein høgtemperaturfase som er særs utbreidd i friske vulkanske bergartar.

Sjå òg feltspat

Kjelder Sanidin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sanidin.

kategori:Feltspat kategori:Monokline mineral