Thomsonitt er eit kvitt eller svakt farga, ofte fibrig mineral som tilhøyrer zeolittane.
I Noreg er det mellom anna kjent frå nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden, der det oftast er danna sekundært etter nefelin.
Thomsonitt vart først identifisert i materiale frå Skottland i 1820. Det er kalla opp etter den skotske kjemikaren Thomas Thomson.
Kjelder Thomsonitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/thomsonitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Tektosilikat kategori:Zeolittar kategori:Ortorombiske mineral