Julius Olavus Middelthun () var ein norsk bilethoggar, fødd på Kongsberg.
Middelthun studerte i København og i Roma, der han budde i fleire år. Til Det Norske Studentersamfund laga han portrettbyster av både Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven, den siste eit reint meisterverk.
Som klassisist reindyrka Middelthun forma. Han var sterkt sjølvkritisk, det tok han 11 år å fullføre statuen av Anton Martin Schweigaard på Universitetsplassen ved bygningane til Universitetet i Oslo i Karl Johans gate. Middelthun var lærar på teikneskulen i hovudstaden, der han mellom andre hadde Axel Ender, Erik Werenskiold og Edvard Munch til elevar.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958
Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Folk frå Kongsberg