Agena (Beta Centauri, β Cen, β Centauri, Hadar) er eit trippelt stjernesystem sør i stjernebiletet Kentauren. Den samla tilsynelatande storleiksklassen er 0,60 som gjer ho til den nest klåraste stjerna i stjernebiletet Kentauren og den tiande klåraste stjerna på nattehimmelen. Dei tradisjonelle namna er Hadar og Agena. Namnet Hadar kjem frå arabisk حضار (rota tyder «å finnast» eller «på bakken» eller «busetnad»Hans Wehr, A dictionary of modern written Arabic, 1961), medan namnet Agena kan ha kome frå det det latinske gena 'kne'.

Beta Centauri-systemet har tre stjerner: Beta Centauri A1, A2 and B. Avstanden til systemet er kring 350 lysår. Spektrumet for systemet indikerer at Beta Centauri A1 og A2 begge er kjempestjerner som har brend opp all hydrogenet i kjernen og utvikla seg bort frå hovudserien. Dei er begge Beta Cephei-variabel med ein pulserande periode på 0,157 dag.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beta Centauri» frå , den 26. august 2014.

Centauri, Beta Kategori:Beta Cephei-variabel Kategori:Kjempestjerner klasse B Kategori:Kentauren 122451 068702 Kategori:Trippelstjerner Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 1000 lysår frå jorda