«The Ballad of Billy the Kid» er ein song av Billy Joel frå albumet Piano Man i 1973. Han vart òg gjeven ut som singel i Storbritannia med «If I Only Had The Words (To Tell You)» som B-side.
Songen er ein oppdikta versjon av soga om Billy the Kid. I eit intervju i 1974 sa Joel «Songen er hovudsakleg eit eksperiment med ein impresjonistisk tekst. Han er historisk sett fullstendig unøyaktig».ZigZag, 1975
Bakgrunn I det siste verset i songen byter teksten frå Billy the Kid til ein «Billy» frå Oyster Bay på Long Island. Forfattaren Ken Bielen har tolka denne «Billy» i siste verset som Billy Joel sjølv, som kom frå Oyster Bay. Joel hevda sjølv at «Billy» i dette verset ikkje var han sjølv, men ein bartender som arbeidde i Oyster Bay, kalla Billy Nastri.
Konsertversjonar I 1981 gav Joel ut eit konsertopptak av songen på Songs in the Attic. Konsertopptaket vart nytta som B-sida til ein live singel med «She's Got a Way». Eit anna konsertopptak vart gjeven ut på Live at Shea Stadium: The Concert i 2011.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Ballad of Billy the Kid» frå , den 27. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Michael Stewart