«Say Goodbye to Hollywood» er ein song skriven og framført av Billy Joel for albumet Turnstiles i 1976. Songen vart gjeven ut som snigel med «Stop in Nevada» som B-side. Songen vart først vidare kjend i 1981 då eit konsertopptak frå Songs in the Attic vart gjeven ut som singel med «Summer, Highland Falls» som B-side. Joel skreiv songen etter at han kom attende til New York City i 1975. Han hadde flytta til Los Angeles i 1972 i eit forsøk på å få seg platekontrakt.
Påverknad
Joel har fortalt på forelesningane sine at han skreiv songen med Ronnie Spector og The Ronettes-songen «Be My Baby» i tankane. Joel forklarte at dei to songane har ein særs lik rytme. Då Ronnie Spector fekk høyre om dette spelte ho inn sin eigen versjon av «Say Goodbye to Hollywood» i 1977, kort tid etter Joel gav ut songen på Turnstiles.
Lister Liste(1981)PlasseringAustralia45Canada27U.S. Billboard Hot 10017U.S. Billboard Adult Contemporary35U.S. Billboard Top Tracks11
Andre versjonar Bette Midler spelte inn ein versjon av songen for albumet Broken Blossom (1977). Ronnie Spector og E Street Band gav ut songen på singel i 1977.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Say Goodbye to Hollywood» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar om Los Angeles Kategori:Songar produserte av Phil Ramone Kategori:Bette Midler-songar