Alioth (Epsilon Ursae Majoris, Epsilon UMa, ε Ursae Majoris, ε UMa) er den klåraste stjerna i stjernebiletet Den store bjørnen (trass i at ho i Bayernemninga berre har nemninga «epsilon») og med tilsynelatande storleik på 1,76 er ho den 31. klåraste stjerna på himmelen. Stjerna ligg i halen på bjørnen, nærast kroppen, og er dermed stjerna i styret på Karlsvogna som ligg nærast sjølve vogna. Tidlegare vart stjerna mykje nytta i stjernenavigering til sjøs, fordi ho er oppført som ei av 57 navigasjonsstjerner.
I følgje Hipparkos ligg Alioth 81 lysår (25 parsec) frå jorda. Spektralklassen er A0p.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alioth» frå , den 30. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Ursae Majoris, Epsilon Kategori:Den store bjørnen Kategori:Subkjemper klasse A Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda