End of the World er debutalbumet til det greske progrockbandet Aphrodite's Child frå oktober 1968.
Albumet inneheld den første singelen deira, «Rain and Tears», som kom ut i mai 1968 og vart ein stor hit i Europa. Då singelen vart ein stor suksess, valde bandet å spele inn eit heilt album i Paris. Andre singlar frå albumet var «End of the World» med «You're Always in My Way» som B-side og «Valley of Sadness» med «Funky Mary» som B-side. Sistnemnde vart først gjeven ut i Frankrike, men trekt attende, og vart til slutt berre gjeve ut i Portugal. Songane på disse singlane finst alle på albumet.
I følgje Allmusic-skribent Richie Unterberger gjev bruken av Mellotron albumet ei kjensle av tidleg psykedelisk Moody Blues, og det same gjer den lette bruken av klassisk musikk i melodiane. Unterberger samanliknar albumet med britiske band på denne tida, og meinte at dei stod ikkje noko tilbake for desse, men med Middelhavspåverknaden vert melodiane og songane meir tydeleg romantiske enn noko britisk eller amerikansk psykedelisk band ville ha tenkt på som passande. Unterberger meiner at denne «episke melkanolske stordommen» gjer at Aphrodite's Child til ein viss grad skil seg ut og at bruken deira av psykedeliske effektar er ganske nyskapande, særleg på avlsutninga av «Day of the Fool».
Albumet kom ut på ny i 2010 i Storbritannia på Esoteric med to bonusspor frå den europeiske singelen «Plastics Nevermore»/«The Other People», som er meir poporienterte enn det meste av albumet.
Innhald
Medverkande Demis Roussos: Akustisk og elektrisk gitar, bass, vokal Vangelis: Klaverinstrument Loukas Sideras: Trommer, perkusjon, pauker Claude Chauvet: Vokal på «End Of The World» og «Rain And Tears»
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «End of the World (album)» frå , den 4. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Aphrodite's Child-album Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Philips Records-album Kategori:Engelskspråklege album