Barbara Ruth Dickson () er ein skotsk songar som hadde hittar som «I Know Him So Well» og «January February». Dickson har gjeve ut femten album som har nådd UK Album Chart frå 1977 og fram til i dag, og hatt mange hitsinglar, mellom anna fire som har nådd topp 20 i Storbritannia. Avisa The Scotsman skildra ho som den mestseljande skotske songarinna.

Ho har to gonger vunne Laurence Olivier-prisen som skodespelarinne, med roller som Viv Nicholson i musikalen Spend Spend Spend, og ho var den originale Mrs. Johnstone i Willy Russell-musikalen Blood Brothers. På TV har ho spelt Anita Braithwaite i Band of Gold.

Biografi

Barbara Dickson har klart å balansere karrieren innan musikk og musikalsk teater. Ho var ein toppseljande artist i 1970-åra, då ho spelte inn hittar som «Answer Me» og «Morning Comes Quickly», og ho hadde òg hittar i 1980-åra med «January, February» og ein duett med Elaine Paige på «I Know Him So Well». Debutalbumet hennar, All for a Song, selde meir enn 600 000 eksemplar og låg inne på den britiske albumlista i meir enn eitt år. I 1990-år spelte ho inn eit album med Bob Dylan-songar, Don't Think Twice It's Alright, og eit album med tradisjonelle keltiske songar, Parcel of Rogues. Dickson har hatt ei like imponerande karriere som skodespelarinne. Debuten hennar var i Willy Russell-musikalen John, Paul, George Ringo....and Bert i 1974, og ho heldt fram med showet då det flytta frå Everyman Theater i Liverpool til West End i London. Ho heldt fram å arbeide med Russell, og Dickson fekk ein Society of West End Theater-pris som beste skodespelarinne i ein musikal for rolla si i Blood Brothers. Ho kom attende til teateret etter ein lang pause seint i 1997, då ho vart med i ein ny produksjon av Christopher Bond, The Seven Ages of Woman, som hadde premiere i Liverpool Playhouse. Ho vann prisen for beste teaterskodeplarinne frå Liverpool Echo Arts and Entertainment for rolla si. Dickson har heldra fram å hauste heider. Ho fekk Laurence Olivier-prisen og Variety Club of Great Britain show business-prisen for beste musikalskodespelar.

Utvald diskografi Archie Fisher and Barbara Dickson The Fate o' Charlie (med John MacKinnon) (1969) Thro' the Recent Years (1970)

Soloalbum Do Right Woman (1970) From the Beggar's Mantle (1972) Answer Me (1976) Morning Comes Quickly (1977) Sweet Oasis (1978) The Barbara Dickson Album (1980) You Know it's Me (1981) I Will Sing (samleplate 1981) All for a Song (1982) Here We Go (1982) Tell Me It's Not True - Blood Brothers mini-album (1983) Heartbeats (1984) Gull (1985) The Right Moment (1986) After Dark (1987) Coming Alive Again (1989) Don't Think Twice It's Alright (1992) Parcel of Rogues (1994) Dark End of the Street (1995) The 7 Ages of Woman (1998) For the Record (2002) Full Circle (2004) Nothing's Gonna Change My World (2006) Time and Tide (2008) Barbara Dickson in Concert (2009) Words Unspoken (2011) B4 Seventy-Four - The Folkclub Tapes (2013) To Each & Everyone - The Songs of Gerry Rafferty (2013)

Singlar «Here Comes the Sun» (1974) «Blue Skies» (1975) «Answer Me» (1976) «People Get Ready» (1976) «Out Of Love With Love» (1976) «Another Suitcase in Another Hall» (1977) «Lover's Serenade» (1977) «I Could Fall» (1977) «City to City» (1978) «Fallen Angel» (1978) «Come Back with the Same Look in Your Eyes» (1979) «Caravan Song» (1979) «January February» (1980) «In the Night» (1980) «It's Really You» (1980) «Only Seventeen» (1981) «My Heart Lies» (1981) «Run Like the Wind» (1981) «Take Good Care» (1982) «I Believe in You» (1982) «Greatest Original Hits - 4 Track E.P» (1982) «Here We Go» (1982) «Stop in the Name of Love» (1982) «Tell Me It's Not True» (1983) «Keeping My Love for You» (1984) «I Don't Believe in Miracles» (1984) «I Know Him So Well» (med Elaine Paige) (1985) «Still in the Game» (1985) «If You're Right» (1986) «Time After Time» (1986) «I Think It's Going to Rain Today» (1987) «The West Coast of Clare» (1987) «Only a Dream in Rio» (1988) «Coming Alive Again» (1989) «All I Ask of You» (med José Carreras) (1989) «Tears of Rage» (1991) «Don't Think Twice It's Alright» (1992) «Blowin' in the Wind» (1992) «Love Hurts» (1995)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barbara Dickson» frå , den 10. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Skotske skodespelarar Kategori:Skotske songarar Kategori:Officers of the Order of the British Empire Kategori:Laurence Olivier-prisen Kategori:Folk frå Dunfermline