«Setting Me Up» er ein song skriven av Mark Knopfler. Han vart opphavleg spelt inn av den britiske rockegruppa Dire Straits på debutalbumet deira i 1978, men ikkje gjeven ut som singel. Ken Tucker i Rolling Stone skildra songen som eit «himmelsk nummer» som kombinerer humor med bitterheit, trass i at temaet er eit typisk kjærleiksforhold som har gått skeis. Tucker skreiv at innverknaden til songen vert forsterka av den knurrande tonen i stemma til Knopfler og den country-aktige gitarsoloen. Carly Darling i Billboard Magazine roste rockabillygitaren i songen, men kritiserte teksten.
Songen var med på det doble konsertalbumet til Eric Clapton frå 1980, Just One Night, med Albert Lee på solovokal. Albert Lee har òg spelt inn songen på albumet Hiding, med korvokal av Don Everly.
«Setting Me Up» er ein av fem songar som utgjevaren til Knopfler gav ut på ein countrydemo, utan samtykke frå Knopfler. Dette førte til at fleire countryartistar spelte inn denne og andre songar av Knopfler. Den amerikanske countrygruppa Highway 101 spelte songen i 1988 på albumet Highway 101² og gav han ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1989. Songen nådde 7. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i april 1989.[ Highway 101 Hot Country Songs Chart History]
Lister Liste (1989)Plassering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Setting Me Up» frå , den 15. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Muff Winwood Kategori:Highway 101-songar Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Songar produserte av Paul Worley Kategori:Eric Clapton-songar