mini|Ein trigonometrisk stasjon nær Ofakim. Israelsk Cassini Soldner (hebraisk רשת ישראל הישנה; ICS) er eit gammalt geografisk koordinatsystem for Israel. Namnet kjem frå Cassini Soldner-projeksjonen som vart nytta og at det var optimalisert for Israel. Dette koordinatsystemet vert stundom òg kalla «Gammalt israelsk grid» og vart offisielt kalla PAL-Cassini-systemet under Palestinamandatet. ICS er erstatta av det nye koordinatsystemet Israelsk transversal merkator (ITM), men vert framleis nemnt av eldre bøker og navigasjonsprogramvare.

ICS-koordinaten for Vestmuren i Jerusalem er:

E 172249 m N 1131586 m

Det første talet tyder at det ligg 172 249 meter aust for det falske origo (langs X-aksen).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Israeli Cassini Soldner» frå , den 29. september 2014. oppgav desse kjeldene: Official ICS Grid Definition MAPI (Mapping Center of Israel) offisiell nettstad (hebraisk). Geografi-side ved Haifa universitet

Kategori:Geografiske koordinatsystem Kategori:Israelsk geografi Kategori:Landmålingssystem Kategori:Geodesi