mini|Anna Rogowska, fremst, under VM 2009 i Berlin

Anna Rogowska () er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Gdynia som tevla i stavhopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2009, fem år etter ho tok bronsemedaljen under Sommar-OL 2004.

Aktiv Rogowska hoppa seg opp i verdseliten i stavhopp i 2004-sesongen. Ho forbetra sitt personbeste til 4,71 meter då ho midt i juli sigra ved eit GP-stemne i Thessaloniki, 24 centimeter høgre enn hennar fjorårs-beste. Under dei olympiske leikane i Aten fem veker seinare svinga ho seg over 4,70 m og sikra seg bronsemedaljen, dei russiske utøvarane Jelena Isinbajeva og Svetlana Feofanova klarte høvesvis 4,91 m og 4,75 m og vann gull og sølv. Over ein tremånaders-periode sommaren i 2005, flytta Rogowska sin personlege rekord fem gongar, frå 4,76 m i slutten av mai i Gdansk til livsbeste 4,83 m utandørs i slutten av august i Brussel. Under verdsmeisterskapen 2005 lukkast ho derimot ikkje, stoppa med 4,35 m.

Etter å ha prestert på eit litt lågare nivå i 2007-08, viste Rogowska betre form i 2009. Den 1. august tok ho seg over 4,80 meter og vart polsk meister i Bydgoszcz. Under VM-finalen 17. august i Berlin var ho den einaste som lukkast på 4,75 m, landskvinna Monika Pyrek og Chelsea Johnson frå USA fekk begge sølv med 4,65 m. 6. mars 2011 svinga Rogowska seg over 4,85 meter ved hall-EM i Paris og vann stavhopp-tevlinga, 10 cm over Silke Spiegelburg frå Tyskland.

Rogowska la opp i 2014.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2002 i München: Nr 7 – 4,30 m VM 2003 i Paris: Nr 7 – 4,45 m OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 4,70 m VM 2005 i Helsinki: Nr 6 – 4,35 m VM 2007 i Osaka: Nr 8 – 4,60 m OL 2008 i Beijing: Nr 10 – 4,45 m VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 4,75 m (nr 2 – 4,65 m) VM 2011 i Daegu: Nr 10 – 4,55 m OL 2012 i London: - VM 2013 i Moskva: -

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anna Rogowska» frå , den 29. september 2014.

World Athletics

Kategori:Polske stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Polen‎ Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012