mini|Frå eit verdscuprenn i Titisee-Neustadt i 2004. Janne Petteri Ahonen () er ein tidlegare finsk skihoppar frå Lahti.
Janne Ahonen er ein av de mestvinnande skihopparane på 1990- og 2000-talet. Den finske storhopparen vann i 1997 VM-gull i liten bakke. I sesongane 1998/99, 2002/03, 2004/2005 og 2005/2006 (saman med Jakub Janda) vann han den prestisjetunge hoppveka samanlagt. Han har fleire pallplasseringar frå store meisterskap. I verdscupen har han vunne 36 enkeltrenn og har totalt 102 pallplasseringar (begge delar pr. november 2012). Ahonen vann verdscupen samanlagt i 2003/2004 og 2004/2005.
I 2005 vart han kåra til årets idrettsutøvar i Finland. Janne Ahonen hadde ei tid verdas lengste skihopp med fall, på 240 meter (på grunn av fallet er ikkje dette ein offisiell verdsrekord).
Ahonen hadde eit opphald som aktiv skihoppar i sesongen 2008/2009. Han kvalifiserte seg til Vinter-OL 2010. Der vart han nummer fire i normalbakken. Han fekk Holmenkollmedaljen i 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2006 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015