mini|Folketettleik etter geografisk region, underdistrikt og distrikt. Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.

Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.

Jerusalem distrikt Jerusalem distrikt (Mehoz Yerushalayim). Folketal: 907 300

Administrativt senter: JerusalemDette distriktet omfattar område erobra under seksdagarskrigen i 1967 o annektert av Israel.

Det nordlege distriktet Det nordlege distrikt (Mehoz HaTzafon). Folketal: 1 241 900

Administrativt senter: Nasaret

Safed (underdistrikt) folketal: 100 500 Kinneret (underdistrikt) folketal: 100 300 Yizre'el (underdistrikt) folketal: 444 400 Akko (underdistrikt) folketal: 555 300

Golan (underdistrikt)Okkupert i 1967 i seksdagarskrigen og ikkje internasjonalt rekna som eit israelsk område. folketal: 41 000.

Haifa distrikt Haifa distrikt (Mehoz Heifa). Folketal: 880 700

Administrativt senter: Haifa

Haifa (underdistrikt) folketal: 529 300 Hadera (underdistrikt) folketal: 351 400

Det sentrale distriktet Det sentrale distriktet (Mehoz HaMerkaz). Folketal: 1 770 000

Administrativt senter: Ramla

Sharon (underdistrikt) folketal: 389 600 Petah Tikva (underdistrikt) folketal: 604 600 Ramla (underdistrikt) folketal: 282 800 Rehovot (underdistrikt) folketal: 493 000

Tel Aviv distrikt Tel Aviv distrikt (Mehoz Tel Aviv). Folketal: 1 227 900

Administrativt senter: Tel Aviv

Det sørlege distriktet Det sørlege distriktet (Mehoz HaDarom). Folketal: 1 201 200

Administrasjonssenter: Beersheba Ashkelon (underdistrikt) folketal: 456 000 Be'er Sheva (underdistrikt) folketal: 565 300

Judea- og Samariaområdet Judea- og Samariaområdet (Ezor Yehuda VeShomron). Jødisk folketal: 327 750 Palestinsk folketal: kring 2,5 millionar

Største jødiske og israelske by: Modi'in Illit

Sjå òg Israelsk geografi Byar i Israel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Districts of Israel» frå , den 6. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Undernasjonale område i Israel Israel