mini|portrett|Meister Lam i ein qigong-positur frå zhan zhuang ('ståande påle').
Qigong eller qi gong (tradisjonell kinesisk 氣功; forenkla kinesisk 气功; pinyin qìgōng) er puste- og rørsleteknikkar som vart utvikla i Kina for fleire tusen år sidan. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan omsetjast med å praktisere eller arbeide med. Metoden består av mental konsentrasjon, enkle rørsler og anding for å dyrka, balansera og betra sirkulasjonen av denne energien i kroppen.Suzanne Schönström: "Kinesisk medicin. Traditionell läkekonst i modern tid." Natur och kultur/Fakta etc. 2004.
Qigong vart utvikla i Kina som ein av fem hovudmetodar innan tradisjonell kinesisk medisin som har som føremål å førebyggja og behandla sjukdomar.Reijo Pöyhönen: "Akupunktur. Kinesisk läkekonst Del 1. Grundläggande teorier, diagnostik och differentiering" Svenska institutet för Kinesisk Läkekonst 2012 Kinesisk filosofisk og åndeleg tradisjon og kampkunst har også bidratt til utviklinga av qigong. Qigong-teknikkane omfattar meditasjon, avslapping, pusteøvingar og kampkunstelement som skal styrka qi og distribuera det til alle delane av kroppen. Teknikkane skal gjere kroppen betre i stand til å lækje seg sjølv. Energibanane i kroppen skal verte stimulerte slik at qi kan strøyme fritt. Dette skal gje indre balanse og avspenning i kroppen og i sinnet, og påverke indre organ og livsprosessar på ein positiv måte. Saman med den nærskylde forma taijiquan er qigong utbreidd i Kina og resten av verda som ein trenings- og helseteknikk.
Nemninga «qigong» som ho er brukt i dag vart framheva på 1940- og 1950-talet for å visa til ei vid rekkje kinesiske sjølvutviklingsteknikkar, og for å vektlegga helsetilknytingar og ta bort vekt frå åndelege tilknytingar, mystisisme og opphøgde tradisjonsliner.
Historie mini|venstre|Silkemåleri som viser dei fysiske øvingane i qigong taichi; frå grav nummer 3 ved funnstaden Mawangdui som stammar frå Han-dynastiet på 100-talet f.Kr. mini|portrett|Øving for å Qigong-illustrasjon frå 1513 (Ming-dynastiet). Ei av 49 øvingar. Denne skal opna blokkert qi-kanalar i kroppen. Ein løfter handa på sida som skal opnast og fokuserer på denne sida.
Tidlege former for qigong finst omtalt i minst 2300 år gamle klassiske kinesiske tekstar som inneheld treningsråd innan emnet. Qigong vart då kalla neigong eller daoyin.Maoshing Ni: Huangdi Neijing Suwen, den Gule Kejsarens Inre Klassiker, sidan 1. Shambala, 1995. Det finst også ei rekkje taoistiske tekstar som har referansar til qigong både frå 300- og 500-talet f. Kr.Robert Henricks: Lao-Tzu Te-Tao Ching, Ballantine Books, 1990.David Hinton: Chuang Tzu, the Inner Chapters, Counterpoint, 1997. Historisk vart qigong formidla innan familien eller frå lærar til elev, og vart i stor grad halden hemmeleg. Etter opprettinga av Folkrepublikken Kina i 1949 vart treningsforma akseptert av kinesiske leiarar. Termen qigong vart spreidd og dei tradisjonelle øvingane vart systematiserte og lært ut til breiare grupper av folket med føremålet å styrka folkehelsa. I dag finst det qigongavdelingar på fleire kinesiske sjukehus.
Gjennom historia har ei rekkje ulike former av qigong utvikla seg i ulike delar av det kinesiske samfunnet. I tradisjonell kinesisk medisin har det brukt for å lækja og førebyggja dårleg helse; innan konfutsianisme for å styrka langt liv og forbetra moralsk karakter; innan taoisme og buddhisme som del av meditasjonspraksis; og innan kinesisk kampkunst for å styrka kampevner. Moderne qigong blandar gjerne fleire ulike tradisjonar, særleg den taoistiske meditative praksisen kalla «indre alkymi» (neidan ), eldgamle meditative praksisar med å «sirkulera qi» (xing qi ) og «ståande meditasjon» (zhan zhuang ) og den sakte gymnastiske pusteøvinga av å «leia og trekka» (dao yin ). Tradisjonelt vart qigong lært frå ein meister til elevar gjennom trening og munnleg overlevering, med hovudvekt på meditativ praksis blant lærde og gymnastisk eller dynamisk praksis blant arbeidarar.
Frå slutten av 1940-talet og inn på 1950-talet prøvde styresmaktene i kommunistiske Kina å samla ulike former for qigong i eit felles system, med føremål om å danna eit vitskapleg grunnlag for utøving av qigong. I 1949 innførte Liu Guizhen namnet «qigong» for systemet han og kollegaene hans hadde utvikla basert på dao yin og andre filosofiske tradisjonar. Dette forsøket er rekna av nokre sinologar som byrjinga på den moderne tolkinga av qigong. Under Det store spranget (1958–1963) og Kulturrevolusjonen (1966–1976) var qigong, i lag med annan tradisjonell kinesisk medisin, strengt kontrollert med avgrensa tilgang for allmugen, men vart framheva i statlege rehabiliteringssenter og spreidde seg til universitet og sjukehus. Etter Kulturrevolusjonen var qigong og taiji populære som dagleg morgongymnastikk utført i store grupper i heile Kina.
Populariteten til qigong voks under styret til Deng og Jiang etter at Mao Zedong døydde i 1976 og fram til 1990-talet, med estimat på mellom 60 og 200 millionar utøvarar i Kina. I lag med populariteten og statleg oppmuntring kom kontroversar og problem: Påstandar om særskilde evner på grensa til det overnaturlege, pseudovitskaplege forklaringar for å auka truverdet, ei sinnsliding kalla qigong-avvik, skipinga av kultar og overdrivne påstandar av meistrar for personleg vinst. I 1985 vart ein statleg nasjonal organisasjon for qigong-vitskap og forsking skipa for å regulera qigong-rørsler i landet. I 1999 tok kinesiske styresmakter steg for å halda kontroll på offentleg utøving av qigong, etter at mange gamle åndelege, moralske og mystiske tradisjonar var blitt gjenoppliva og kunne danna trugsmål mot statleg kontroll. Qigong-klinikkar og sjukehus vart stengde, og visse grupper som Zhong Gong og Falun Gong vart forbodne. Sidan 1999 har qigong-forsking og utøving berre hatt offisiell støtte i ein helsekontekst. Den kinesiske helse-qigongorganisasjonen som vart skipa i 2000 regulerer strengt offentleg utøving av qigong, med avgrensing av offentlege samlingar, krav om statleg godkjend opplæring og sertifisering av lærarar. Alt anna enn statleg godkjende former er forbode.
Gjennom kinesisk utvandring og diaspora, turisme i Kina og globalisering har qigong spreidd seg gjennom heile verda. I dag driv millionar av menneske med qigong, og trur på fordelane med utøvinga i varierande grad. Som i det historiske opphavet til praksisen er folk med interesse for qigong frå ulike bakgrunnar og driv med det av forskjellige grunnar, som fritidssyssel, trening, avslapping, helseførebygging, meditasjon, for åndelege føremål eller som del av kampkunsttrening.
Skildring mini|Meisteren Marco Gamuzza held ein zhan zhuang-positur på den kinesiske muren kalla hun yuan zhuang. mini|Utøving av qigong som del av Falun Gong.
Utøving Qigong omfattar ei brei rekkje ulike praksisar som koordinerer kropp (), pust () og medvit () i tråd med kinesisk filosofi. Utøving kan inkludera rørsle og stillesitjing, meditasjon, massasje, messing, lyd-meditasjon og behandling utan nærkontakt, i ei rekkje ulike positurar. Qigong vert vanlegvis delt inn i to grunnleggjande kategoriar: 1) dynamisk eller aktiv qigong (dong gong), med sakte, flytande rørsler, og 2) meditativ eller passiv qigong (jing gong), med stille posisjonar og indre rørsle av pusten. Frå eit terapeutisk perspektiv kan ein klassifisera qigong i to system: 1) indre qigong, som set fokus på sjølvbehandling og sjølvutvikling, og 2) ytre qigong, som omfattar behandling av ein terapeut som leier eller overfører qi.
Som meditasjon i rørsle handlar utøving av qigong vanlegvis om å koordinera sakte, stiliserte rørsler, djup magepusting og roleg mentalt fokus med visualisering av at ein leier qi rundtom i kroppen. Som regel kan former av qigong karakteriserast som ei blanding av fire utøvingsmåtar: Dynamisk, statisk, meditativ og med hjelp utanfrå.
Dynamisk utøving omfattar flytande rørsle, som regel nøye koreografert og koordinert med pust og medvit. Nokre døme er dei sakte, stiliserte rørslene i taijiquan, baguazhang og xing yi quan. Andre døme er grasiøse rørsler som etterliknar rørslene til eit av Dei fem dyra (Wu Qin Xi qigong), trane, og villgås- (dayan) qigong. Som ei form for lågintens trening er qigong sett saman av rørsler som typisk vert repeterte og kan styrka og strekka kroppen, auka rørslene til væsker (blod, leddvæske og lymfe), betra balanse og propriosepsjon (kjensla av kvar eins eigne kroppsdelar er), og utvikla medvitet av korleis kroppen rører seg gjennom rommet.
Statisk utøving går ut på å halda stillingar i lengre periodar. I nokre tilfelle liknar dette på utøving av yoga og framhaldet av denne praksisen i buddhistisk tradisjon. Yiquan, ei kinesisk kampkunstform avleidd frå xingyiquan, legg vekt på trening med statiske stillingar. I eit anna døme byggjer den lækjande forma 'Åtte brokadestykke' (Baduanjin qigong) på ein serie statiske stillingar.
Meditativ utøving nyttar medviten pusting, visualisering, mantra, messing, lyd og fokus på filosofiske idear som qi-sirkulasjon, estetikk eller moralske verdiar. I tradisjonell kinesisk medisin og taoistisk utøving er fokuset for meditasjon ofte lagt på å utvikla qi i energisenter, dantian, og å balansera straumen av qi i meridianane og andre kanalar. I ulike buddhistiske tradisjonar er målet å stilla medvitet, anten gjennom ytre fokus, til dømes på ein stad, eller gjennom indre fokus på anding, eit mantra, eit koan, tomheit eller ideen om det evige. I den konfutsianske lærde tradisjonen legg meditasjon vekt på menneskelegheit og dygd med sjølv-opplysing som mål.
Utøving med ytre hjelp Mange qigong-system omfattar også bruk av ytre hjelpemiddel som å ta til seg urter, massasje, fysiske behandlingar eller samhandling med andre levande vesen. Spesielle typar mat og drikke vert brukte i nokre medisinske og taoistiske former, medan massasje og kroppsbehandling nokre gongar vert brukte i kampkunstformer. I nokre medisinske system nyttar ein qigong-meister behandling utan kontakt der han skal leia qi gjennom sin eigen kropp inn i kroppen til ein annan.
Former Det finst talrike former for qigong. 75 eldgamle former finst i gammal litteratur, medan 56 vanlege moderne former er blitt omtalte i eit qigong-kompendium. Lista er ikkje utfyllande.
Teknikkar Anten ein ser på qigong frå eit trenings-, helse-, kampkunst- eller filosofisk perspektiv har utøvinga fleire hovudprinsipp:
Medviten rørsle: nøye, flytande balansert stil Rytmisk pusting: sakte, djup, koordinert med flytande rørsler Medvit: roleg, fokusert meditativ tilstand Visualisering: av rørsla til qi, filosofiske prinsipp, estetikk Messing/lyd: bruk av lyd som fokuspunkt
Tilleggsprinsipp:
Mjukheit: mjukt syn, nøytralt ansiktsuttrykk Solid stilling: godt fotfeste, rett rygg Avslapping: avslappa musklar, lett bøygde ledd Balanse og motbalanse: rørsle over tyngdepunktet
Avanserte mål:
Sinnsro: meir flytande, meir avslappa Ro: tømd medvit, høg merksemd Stille: mindre og mindre rørsler, heilt til fullstendig stille
Dei mest avanserte formene vert generelt rekna for å ha lite eller inga rørsle.
Moderne qigong mini|Gruppe utøver taiji i Beijing. I dagens Kina har ein gått vekk frå å knytta qigong til tradisjonell filosofi, åndeleg utvikling og folkeminne til å vektleggja helseeffekt, tradisjonell medisinsk bruk, kampkunst og vitskapleg tilknyting i samband med utøvinga. Qigong blir no praktisert av millionar av menneske over heile verda, hovudsakleg for helseføremål, sjølv om mange utøvarar også kan ha tradisjonelle filosofiske, medisinske eller kampkunstperspektiv, og kan sjå den lange historia til qigong som prov på verknaden.
Moderne kinesisk medisinsk qigong