Maria Osmarina Marina Silva Vaz de Lima () er ein brasiliansk miljøvernforkjempar og politikar. Ho er kjend for sitt vellukka arbeid med å redusere avskoging av Amazonas.

Biografi Marina Silva vaks opp som eitt av tolv sysken i ein gummitapparfamilie i delstaten Acre i Brasil. 16 år gamal blei ho send til Rio Branco for behandling av hepatitt. På dette tidspunktet var ho framleis analfabet. Seinare jobba Silva som hushjelp. Samstundes lærte ho seg å lese, fekk offentleg skuleplass, og byrja studera historie. I løpet av denne tida blei ho påverka av miljøaktivisten Chico Mendes, og blei sjølv ein forkjempar for regnskogen i Amazonas. I 1994 blei ho som den yngste kvinna nokonsinne vald til senator i Den brasilianske nasjonalforsamlinga. Ho jobba deretter som miljøvernminister i Lula si regjering frå 2003 til 2008, då ho gjekk av i protest mot den aukande motstanden mot antiavskogingsarbeidet.http://www.sophieprize.org/Norsk/Prisvinnere/2009/index.html Marina Silva starta si partipolitiske karriere i Partido dos Trabalhadores (Arbeidaranes parti), men gjekk over til Partido Verde (Dei grøne) i 2009. I 2013 melde ho overgang til det brasilianske sosialistpartiet, Partido Socialista Brasileiro. I april 2014 blei ho lansert som Eduardo Campos' visepresidentkandidat ved valet i oktober 2014. Etter at Campos omkom i ei flyulykke 13. august 2014, rykka ho opp som presidentkandidat. Ho fekk tredje flest stemmer i den første valomgangen av presidentvalet, 5. oktober 2014, etter sitjande president Dilma Rousseff og Aécio Neves.

Miljøpolitikk Marina Silva har ført ei hard line ovanfor ulovleg skogbruk. I perioden 2004-2007 blei avskoginga redusert med 60 %.

Prisar Goldman Environmental Prize, 1996 Champion of the Earth, FN, 2007 Sofie-prisen, 2009

Referanser

Bakgrunnsstoff

Kategori:Brasilianske politikarar Kategori:Brasilianske miljøvernarar Kategori:Folk frå regionen Vale do Acre