VG HD er ein norsk fjernsynskanal som starta sendingane sine 8. november 2014. Fjernsynskanalen er ått av den norske tabloidavisa Verdens Gang. VG er berre tilgjengeleg for Canal Digital-kundar, og om lag ein million nordmenn har dimed høve til å sjå på kanalen. Kort tid etter oppstarten kjøpte VG HD reklameplass på TVNorge og TVNorge HD og vart 23. november 2014 fyrst med å levere direktesendt reklame på norsk fjernsyn.
Fotnotar
Kategori:Norske fjernsynskanalar Kategori:Norskspråklege fjernsynskanalar Kategori:Fjernsynskanalar og -stasjonar skipa i 2014 Kategori:Verdens Gang