mini|Sjukepleiar og barnepasient ved Universitäts-Kinderklinik i Bonn i 1953. Helsevesenet er dei samla private og offentlege helsetenestene, -institusjonane og -lovane til eit samfunn. Helsevesen har til føremål å førebyggja, diagnostisera og behandla sjukdom og skader og gje omsorg til pasientar.

Soge Historisk dreiv kloster og kyrkjer helseintitusjonar som hospits og fattighus. I tidleg moderne tid byrja utviklinga av statlege helsevesen. I Danmark-Noreg fekk ein først ein lege med universitetsutdanning (physicus eller medicus) i kvart stift, deretter i kvart amt og så i kvar kommune. Ein oppretta etterkvart andre offentlege stillingar for helsearbeidarar, som sertifiserte jordmødrer og chirurgici (tidlege kirurgar).

Moderne velferdsstatar utvikla offentlege helsevesen som gjorde helsetenester tilgjengelege for alle innbyggjarane sine. Eit av dei første og største av desse er National Health Service i Storbritannia, som blei skipa i 1948. Dette helsevesenet har over 1,7 millionar tilsette og dekkjer over 63,2 millionar moglege brukarar.

Helsevesenet i Noreg Det norske helsevesenet er ein av dei største samfunnssektorane i landet I 2002 utgjorde utgiftene til helsevesenet 8,7 % av BNP og stod for over 155 000 årsverk.

Helsevesenet er inndelt i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Kommunane har ansvaret for primærhelsetenesta i sitt geografiske område. Ansvaret for spesialisthelsetjenesta i Noreg er delt inn i fire regionar som kvart har eit regionalt helseføretak: Helse Nord Helse Sør-Aust Helse Vest Helse Midt-Noreg

Sjå òg Ambulanse Legevakt Sjukehus Vaksine

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Helsevesen» frå , den 13. november 2014.

Bakgrunnsstoff Ole Georg Moseng Det offentlige helsevesen i Norge - Ansvaret for undersåttenes helse 1603-1850, 2003 ISBN 9788215003481 Aina Schiøtz Det offentlige helsevesen i Norge - Folkets helse - landets styrke 1850-2003, 2003 ISBN 9788215003498 Ny oversikt over det norske helsesystemet – omtale av rapporten «Norway – Health system review», Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten

Kategori:Helse Kategori:Offentlege tenester