Osterøy sogelag er eit sogelag på Osterøy. Laget vart stifta 9. november 1986, , etter initiativ frå Osterøy museum. Det er Geir Kleiveland som er leiar.
Laget arbeider mest med å gjeva ut lokal-historiske bøker og sogeskrift. Sogeskriftet Osterøy i soge og samtid er kome ut kvart år sidan 1989, og sidan 2007 har laget òg gjeve ut ein kalender.
Utgjevingar Gamalt bygdeliv på Osterøy av Monrad Solberg i 2013 Lengt mot fjell - diktsamling av Olav Meltvik i 2008 Ostringar på tinget - tingsaker frå Osterøy, avskrift frå Nordhordaland tingbok av Håkon Aasheim, to band i 1998 og 2008 Bak rattet - glimt frå rutebilferdsla på Osterøy av pensjonerte rutebilsjåførar i 2007 Gamle Lonevågen av Maria Njåstad og Jon Solberg i 2006 Ein garva fotograf med fotografi tekne av Ola J. Borge, i 2005 Utan heim av Solveig Leknes i 2005 Osterøy til fots i 2003 Det var slik det var av Rolf Kleiveland i 2001 Stadnamn i Mjøsdalen av Odd Vevle i 2001 i lag med Hosanger sogelag Gardssoga for Mjedlagardane av Torstein Selvik i 2000 Opplæring i Hardingfeleslåttar av Jon Jelmert i 1996 Fridom og fangenskap av Jørgen Tveiten i 1995 Likt og ulikt frå Revheim redigert av Åshild og Rune Revheim i 1992 Minne og opplevingar frå mange år av Johs. L. Hauge i 1990
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sogelag Kategori:Historie i Osterøy Kategori:Kultur i Osterøy