Bama er ein by og eit Local Government Area i Borno-staten nordaust i Nigeria. Området har rundt 270 000 innbyggjarar (2006) og dekkjer eit området på 4 997 km². Det ligg rundt 6 mil frå delstatshovudstaden Maiduguri.
Bama tilhøyrde tradisjonelt Dikwa-emiratet, ein tradisjonell stat i Nigeria. Shehuen eller emiren i emiratet hadde sete i Bama frå 1939.«Historical Development:», onlinenigeria.com Frå 2010 blei emiratet delt i to, det nye Dikwa-emiratet og Bama-emiratet. Bama blei sete for emiren i det sistnemnde.
Byen kom under åtak frå den militante islamistgruppa Boko Haram i mai 2013 og i februar 2014, då fleire døydde og emirpalasset blei brend ned. Vegane blei stengde av militæret, og innbyggjarar måtte flykta gjennom villmark for å nå Dikwa eller Maiduguri. 2. september 2014 blei det rapportert at Boko Haram hadde teke kontroll over Bama, og både sivile og militære hadde flykta.Nigeria's Boko Haram 'seize' Bama town in Borno, BBC.co.uk. Sjølv om hæren melde dei hadde teke Bama tilbake den 8. september, fortalde mange lokale at militantane framleis hadde makta. I november 2014 var dei sivile som ikkje hadde kunna flykta frå byen framleis fanga av konflikten.
Kjelder
Kategori:Local Government Area i Borno Kategori:Byar i Borno Kategori:Borno