mini|Typiske smerteområder ved hjarteinfarkt. Mørkraud visar til dei vanlegaste områda; lysraud visar til andre moglege områder. Brystsmerte kan vera symptom på ulike alvorlege tilstandar og er generelt rekna som eit medisinsk naudhøve. Sjølv om det kan avgjerast at smerta er av ikkje-kardialt opphav, så er det ofte ein eksklusjonsdiagnose som vert sett fyrst etter at meir alvorlege årsaker er utelukka.
Differensialdiagnose Årsaker til brystsmerte varierer frå ikkje-alvorlege til alvorlege og livstrugande.
Hjå vaksne er dei vanlegaste årsakene gastrointestinal (42%), koronar hjartesjukdom (31%), muskuloskeletal (28%), perikarditt (4%) og lungeembolisme (2%). Andre mindre vanlege årsaker inkluderer: lungebetennelse, lungekreft og aortaaneurismar.
Hjå born er dei vanlegaste årsakene muskuloskeletale og ukjente.
Kardiovaskulær Akutt koronarsyndrom Ustabil angina pectoris — krev beinveges medisinsk handsaming, men ikkje primærintervensjon (som ofte trengst ved hjarteinfarkt) Myokardinfarkt — oftast kalla «hjarteinfarkt» Aortadisseksjon Perikarditt og hjartetamponade Arytmi — atrieflimmer og ei rekkje andre arytmiar kan valde brystsmerte Stabil angina pectoris — kan handsamast medisinsk, og sjølv om det krev tilsyn, så vert det ikkje rekna som eit naudhøve i strengast tyding Myokarditt Mitralklaffprolaps
Respiratorisk Bronkitt Lungeembolisme Lungebetennelse (pneumoni) Hemotoraks Pneumotoraks og tensjonspneumotoraks (pneumotoraks kan vere smertefullt, men er som regel ikkje farleg i seg sjølv; pneumotoraks kan utvikle seg til tensjonspneumotoraks, og vert då rekna som eit medisinsk naudhøve) Plevritt — betennelse som kan skape smertefull anding Tuberkolose Trakeitt Lungekreft
Gastrointestinal Gastroøsofageal reflukssjukdom Hiatushernie Akalasi, nøtteknekkarøsofagus og andre nevromuskulære lidingar i matrøyret Funksjonell dyspepsi
Brystveggen Kostokondritt eller Tietzes syndrom — ein godarta og harmlaus form for osteokondritt som ofte vert forveksla med hjartesjukdom Spinalnerveproblem Fibromyalgi Brystveggsproblem Radikulopati Prekordial smerte — godarta og harmlaus, skarp eller stikkande lokalisert smerte som ofte vert forveksla med hjartesjukdom Brysttilstandar Herpes zoster — oftast kjent som «helvetesild» Tuberkulose Osteoartritt — oftast kalla «slitasjegikt» (synonym: artrose og osteoartrose) Epidemisk myalgi — òg kalla Bornholm-sjuke, myalgia epidemica og pleurodynia epidemica
Psykologisk Panikkanfall Angst Klinisk depresjon Somatiseringsliding Hypokondri
Andre Hyperventilasjonssyndrom Da Costas syndrom Karbonmonoksidforgifting — tidlegare kalla «kullosforgifting» Sarkoidose Blyforgifting Øvre magesmerte kan etterlikna brystsmerte Prolaps i mellomvirvelskivene Thoracic outlet syndrome
Diagnostisk tilnæring Anamnese Det å kjenne pasienten sine risikofaktorar kan vere nyttig når ein skal inkludere eller utelukke årsaker til brystsmerte. Til dømes er hjarteinfarkt og aortadisseksjon veldig sjeldan hjå individ under 30 år, men monaleg meir vanleg hjå individ som er eldre, røykar, har høgt blodtrykk, historie med koronar hjartesjukdom eller hjerneslag, positiv familiehistorie (prematur aterosklerose, kolesterolsjukdom, hjarteinfarkt i tidleg alder) eller andre risikofaktorar.
Fysikalsk-medisinsk undersøking Ved akuttmottaket er det vanleg å byrje med å utelukke dei farlegaste årsakene til brystsmerte, nemleg hjarteinfarkt, lungeembolisme, aortadisseksjon, øsofagusruptur (perforasjon av matrøyret), tensjonspneumotoraks og hjartetamponade. Ved å eliminere eller stadfeste dei mest alvorlege årsakene kan ein setja diagnose på opphavet til smerta. Ofte finn ein inga årsak og pasienten vert då roa og forsikra av helsepersonell.
Viss ein mistenkjer akutt koronarsyndrom («ustabil angina») er det vanleg å leggje pasienten inn for observasjon, ta regelmessig EKG av brystet, og stadfeste hjartemarkørar over tid. Stundom vil vidare testing avgjere årsaka. TIMI («trombolyse ved hjarteinfarkt») ved innlegging kan bidra til å stratifisera risikoen. Kjenneteikn som er typiske for hjarteiskemi skildrar smerten som tungleik; spreiing av smerta til nakken, kjeven eller venstre arm; sveitte; kvalme; palpitasjonar; smerte ved rørsle; ørske; dyspné; og «ei kjensle av føreståande undergang».
Grannsam anamnese og fysikalsk-medisinsk undersøking er avgjerande når ein skiljer dei farlege årsakene frå dei trivielle. Stundom vil usynlege sjukdomsteikn føre diagnosen mot særlege årsaker, som til dømes «knyttneve mot brystet» (Levines teikn), som er indikativt for hjarteiskemi. Ein snøgg diagnose kan vere livreddande og må ofte gjerast utan hjelp frå medisinske testar. Generelt er det likevel naudsynleg å utføre fleire testar for å stadfeste diagnosen.
Medisinske testar På grunnlag av overståande kan ei rekkje testar utførast: Elektrokardiogram (EKG) av brystet CT-skanning kan nyttast ved uforklarleg brystmerte når andre testar er mangelfulle Ventilasjons-perfusjons-scintigrafi (VQ-scan) eller CT-angiografi (ved mistanke om lungeembolisme) Røntgen av bryst og mage. Rutinemessig røntgen er ikkje naudsynt. Blodtestar: Troponin I eller T (for å påvise myokardial skade) Fullstendig blodtelling Elektrolyttar og nyrefunksjon (kreatinin) Kreatinkinase (CK-MB er òg vanleg ved mange sjukehus) D-dimer (ved (liten men tilstadeverande) mistanke om lungeembolisme) Serumverdiar av lipase og amylase for å utelukke akutt bukspyttkjertelbetennelse
Handsaming Administreringa av acetylsalisylsyre ved innleggjing har vist seg å kunne auke sjansane for 30-dagar overleving med 30%.
Hjå personar med brystsmerte er det ikkje naudsynleg med supplerande oksygen med mindre oksygenmettinga er mindre enn 94%, eller det er teikn på pustebesvær. Ei lystgass/oksygen-blanding (ofte 50-50%) vert ofte gjeve av akuttmedisinsk personell utanfor sjukehuset. Det er likevel lite prov for effektiviteten.
I tillegg til lækjemiddel kan det brukast kosttilskot for å lindre brystsmerte.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chest pain» frå , den 18. desember 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Kategori:Smerter Kategori:Bolen Kategori:Symptom Kategori:Sjukdomsteikn