thumb|Brystskiljeveggen. Den øvre og nedre delen er skilt av brystbeinsvinkelen. Brystskiljeveggen eller mediastinum (frå mellomalderlatin mediastinus, «midtveg», «det som står i midten») er ei uavgrensa gruppe av strukturar i brystkassen som er omfemna av laust bindevev. Det er det sentrale kammeret i brysthòla. Den inneheld hjartet, dei store blodårene i hjartet, matrøyret, luftrøyret, mellomgolvsnerven, hjartenervane, brystlymfegangen (ductus thoracicus), briset (thymus) og lymfeknutane i det midtre brystet.
Struktur thumb|Anatomien av brystskiljeveggen Brystskiljeveggen ligg mellom høgre og venstre brysthinne i nærleiken av midtsagittalplanet. Den strekker seg frå brystbeinet framme til ryggsøyla bak, og inneheld alle brystorgana med unntak av lungene. Den kan delast i to delar: ein øvre eller superior del, og ein nedre eller inferior del.
Den øvre brystskiljeveggen strekker seg frå høgda av hjarteposen (perikard) med ei øvre grense langs den vesle brystopninga (apertura thoracis superior), og ei nedre grense som strekker seg frå brystbeinsvinkelen (leddet mellom manubrium sterni («handtaket») og corpus sterni («kroppen»)) til mellomvirvelskivene i brystvirvel 4–5 (T4–T5). Den nedre brystskiljeveggen strekker seg under det øvre nivået av hjarteposen, til mellomgolvet (diafragma). Den nedre brystskiljeveggen er delt inn i tre regionar, alle i forhold til hjarteposen. Den fremre brystskiljeveggen ligg føre hjarteposen. Den midtre brystskiljeveggen inneheld hjarteposten og dens innhald. Den bakre brystskiljeveggen ligg bak hjarteposen.
Den er omfemna av brystveggen framme, lungene langs sidene og ryggmargen bak. Den er samanhengande med laust bindevev i nakken.
Anatomar, kirurgar og radiologar delar brystskiljeveggen ulikt.
Signifikante funn på høgd med brystskiljeveggen Byrjinga og slutten av aortabogen Den øvre marginen av øvre hòlvene (vena cava superior) Kryssinga mellom den store lymfegangen (ductus thoracicus) Bifurkasjonen av luftrøyret Bifurkasjonen av lungepulsåra Høgda av brystbeinsvinkelen Det andre ribbeinet, som festar seg til brystbeinet via den andre ribbeinsbrusken Kroppen av brystvirvel T4 Dreneringa av vena azygos inn i øvre hòlvene
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mediastinum» frå , den 21. desember 2014.
Kategori:Brysthola