Kvitkål (Brassica oleracea, convar. capitata var. alba) er det vanlegaste kålslaget i Noreg og ein av dei vanlegaste grønsakene å dyrka i verda. Det er også den vanlegaste kåltypen i Noreg.

Omgrept blir ofte brukt synonymt med hovudkål, men kan også brukast for å skilja det frå til dømes raudkål. Kvitkål er ein toårig plante, men blir dyrka som eittårig grønsak. Planten dannar store hovud med blad som sit tett saman og gjerne er lyse, tilmed kvitlege, inni hovudet.

Hovudet kan lagrast lenge etter innhausting, og er dermed ofte tilgjengeleg året rundt.

Kål har vore brukt som lækjemiddel for ei rekkje helseproblem, som betennelsar, fordøyingsproblem og «ureiningar i blodet».

Kjelder

Kategori:Kål Kategori:Grønsaker Kategori:Medisinplantar