Jean Cabut, med kunstnarnamnet Cabu (), var ein fransk karikaturteiknar, avisillustratør, og teikneserieforfattar, fødd i Châlons-en-Champagne i departementet Marne og drepen under terroråtaket på vekeavisa Charlie Hebdo i Paris. Han tok del i utgjevingane av franske satireaviser som Hara-Kiri, Charlie Hebdo og Le Canard enchaîné, og i fleire underhaldnings- og debattprogram på fjernsyn.

Jean Cabut fekk utdanning i kunst på École Estienne i Paris og tok til å publisere teikningar i ei lokalavis i 1954. Han vart antimilitarist med ein anarkistisk grunnhaldning etter at han hadde vore tvinga til å gjere to års krigsteneste i den franske hæren under krigen i Algerie, som gjekk føre seg i åra frå 1954 til 1962.

Kategori:Franske kunstnarar Kategori:Franske mediefolk Kategori:Franske karikaturteiknarar