My (Μ, μ) er den tolvte bokstaven i det greske alfabetet. Han svarar til M i det latinske alfabetet.
Bokstaven vert nytta i fleire samanhengar: μ er eit prefiks i måleeiningar (vert uttala mikro), som tyder milliondel, til dømes μF, mikrofarad = 1/1000000 farad. (Det hender seg ofte at ein skriv u istadenfor μ av di det er lettare på ein vanleg PC. (Ein nyttar kombinasjonen [alt gr] + m for å få fram teiknet, men det er ikkje alle program som klarar nytte seg av den.) I mekanikk står μ som friksjonstal I magnetismen vert μ nytta for permeabilitet (Sjå òg ε og dielektrisitetskonstanten)
kategori:det greske alfabetet