Alfa Andromedae (Alfa And, α And, α Andromedae), som har det tradisjonelle namnet Alpheratz (eller Alpherat) og Sirrah (eller Sirah), er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Andromeda. Ho ligg like nordaust for stjernebiletet Pegasus og er den nordaustlege stjerna i den store firkanten i Pegasus. Ptolemaios rekna Alfa Andromedae som ein del av Pegasus, og Bayer rekna stjerna som ein del av begge stjernebilete: Alfa Andromedae (α And) og Delta Pegasi (δ Peg). Når grensene til dei moderne stjernebileta vart fastsett i 1930, vart den siste nemninga droppa.Bayer’s Uranometria and Bayer letters
Ho ligg 97 lysår frå jorda. Sjølv om for det nakne auga ser ut som ei enkel stjerne, med samla tilsynelatande storleiksklasse +2.06, er ho i røynda ei dobbeltstjerne med to stjerner i nær bane. Den kjemiske samansetjinga til den lysare av dei to stjernene er uvanleg sidan dei er ei kvikksølv-mangan-stjerne med ein atmosfære med unormalt høge nivå av kvikksølv, mangan og andre grunnstoff, inkludert gallium og xenon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alpha Andromedae» frå , den 17. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alpheratz on AstroDwarf
Kategori:Andromeda